Paradise Oskar

finsk songar og komponist

Axel Ehnström, kjend som Paradise Oskar (fødd 23. oktober 1990 i Kyrkslätt) er ein finsk songar, låtskrivar og vinnar av Euroviisut 2011. Namnet Paradise Oskar har han teke frå ein figur i Astrid Lindgren-boka Rasmus på loffen.

Paradise Oskar

Fødd23. oktober 1990
FødestadKyrkslätt i Finland
FødenamnAxel Ehnström
AliasParadise Oskar
OpphavFinland
Aktiv2011 – i dag
Verka somSongar, låtskrivar

Paradise Oskar representerte Finland i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf med songen «Da Da Dam». Songen handlar om ein gut som freistar å redda planeten ved å syngja, og er skriven av Paradise Oskar sjølv. Trass i 12 poeng frå Noreg enda Paradise Oskar på 21. plass i finalen.

Kjelder

endre
  • Svensk Wikipedia om Paradise Oskar, henta inn 11. juli 2011.