Paramillo-massivet
Paramillo-massivet er ei fjellkjede i den tropiske delen av Andes. Det ligg i nordenden av Cordillera Occidental (Vestandesfjella) i Colombia. Den høgaste toppen i kjeda er Cerro Paramillo på 3730 moh.[1]
Paramillo-massivet | |||
fjellkjede | |||
Land | Colombia | ||
---|---|---|---|
Region | Antioquia, Córdoba | ||
Høgaste punkt | Cerro Paramillo[1] | ||
Høgd | 3 730 m | ||
Paramillo-massivet 7°21′00″N 76°14′00″W / 7.35°N 76.23333333°W |
Paramillo nasjonalpark
endreMykje av området ligg innanfor Paramillo nasjonalpark (Parque nacional natural Paramillo), som går frå massivet til låglanda ved Det karibiske havet. Økosystema i massivet er typiske for Tropiske Andes, og omfattar páramo og fjellskog.
Dette er ein av to regionar der den truga fuglen paramillotapakulo (Scytalopus canus) lever.[2][3]
Eit pattedyr som finst her er den sårbare brillebjørnen (Tremarctos ornatus).[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Cerro Paramillo - Peakbagger». Henta 27. desember 2016.
- ↑ «Scytalopus canus - IUCN Red List of Endangered Species». Henta 27. desember 2016.
- ↑ «Paramillo Tapaculo - BirdLife Factsheet». Henta 27. desember 2016.
- ↑ «Tremarctos ornatus - IUCN Red List of Endangered Species». Henta 27. desember 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Paramillo Massif» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2019.