Parc des Princes er ein idrettsarena sørvest i den franske hovudstaden i Paris. Arenaen vart opna 4. juni 1972 og er sidan renovert i samband med VM i fotball 1998 og EM i fotball 2016. Dagens tilskodarkapasitet er 47 929, publikumsrekorden frå 1989 er på 50 370.

Parc des Princes

Omframt Fotball-VM 1998 og Fotball-EM 2016, har Parc des Princes vore åstad for finalar i europacupen og cupvinnarcupen i fotball, samt UEFA-cupfinalen 1998. Dessutan vart fem av oppgjera i rugby-VM 2001 arrangert her.

Parc des Princes var nasjonalstadion for fotball i Frankrike, inntil nybygde Stade de France tok over i 1998.

Mellom 1897 og 1972 stod to ulike idrettsarenaer i same området, som har fått namnet Parc des Princes (Fyrste-parken) avdi kongeslekta på 1700-talet dreiv jakt i terrenget.

Kjelder endre