Parinacota-provinsen

Parinacota-provinsen (spansk Provincia de Parinacota) er ein av to provinsar i den nordlegaste regionen i Chile, Arica og Parinacota. Provinsen grensar i nord til Tacna-regionen i Peru, i aust til La Paz-departementet i Bolivia og i vest til Arica-provinsen. Hovudstaden er Putre. Provinsen har namn etter vulkanen Parinacota.

Parinacota
provins
Symbol
Land  Chile
Region Arica og Parinacota
Hovudstad Putre
Areal 8 146,9 km²
Folketal 2 201   (år 2 017)
Folketettleik 0,34 / km²
Kart
Parinacota-provinsen
18°11′47″S 69°33′34″W / 18.196389°S 69.559444°W / -18.196389; -69.559444
Wikimedia Commons: Parinacota Province
Nettstad: Offisiell nettstad

Historie endre

Arica y Parinacota-regionen vart oppretta 8. oktober 2007 under lov 20.175, kunngjort 23. mars 2007 av president Michelle Bachelet i byen Arica. Lova delte den tidlegare Tarapacá-regionen i to: den nordlege delen vart XV Arica og Parinacota-regionen, og den sørlege delen vart verande i Tarapacá-regionen.

Geografi og folkesetnad endre

Ifølgje folketeljinga for 2002 av National Statistics Institute (INE) spenner provinsen over eit område på 8 146,9 km2 og hadde ei folkesetnad på 3 156 innbyggjarar (2 106 menn og 1 050 kvinner), noko som gav den ein befolkingstettleik på 0,4 innbyggjarar per km². Mellom folketeljingane 1992 og 2002 fell folketalet med 17,3 % (659 personar).[1]

Administrasjon endre

Som ein provins er Parinacota ei administrativ eining på andre nivå i Chile, beståande av to kommunar (comunas): General Lagos i den nordlege delen og Putre i sør. Byen Putre fungerer som provinshovudstad. Provinsen blir administrert av den presidentutnemnde regionale delegaten til Parinacota.

Kjelder endre

Referansar
  1. «Territorial division of Chile» (PDF) (på spansk). National Statistics Institute. 2007. Arkivert frå originalen (PDF) 14. november 2010. Henta 3. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Parinacota-provinsen