Part Time Love

Denne artikkelen handlar om Little Johnny Taylor-songen. For Elton John-songen med same tittel, sjå Part-Time Love.
Part Time Love
av Little Johnny Taylor
frå albumet Part Time Love
Utgjeve 1963
Sjanger R&B
Lengd 3:53
Selskap Galaxy
Låtskrivar(ar) Clay Hammond

«Part Time Love» er ein R&B-song frå 1963 skriven av Clay Hammond og først spelt inn av Little Johnny Taylor. Det var den andre utgjevinga hans og den største suksessen hans på R&B-lista. «Part Time Love» gjekk til topps på R&B-lista og var den einaste singelen Taylor fekk inn på topp 40 på pop-lista med ein 19. plass.[1]

Songen vart spelt inn av Ann Peebles i 1970. Versjonen hennar nådde sjuandeplassen på R&B-lsita og 45. plassen på poplista.[2] Isaac Hayes spelte òog inn songen for det doble Black Moses i 1971, i ein versjon som strekte seg til åtte og eit halvt minutt.

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 563. 
  2. Whitburn, p.344