Black Moses
Black Moses Studioalbum av Isaac Hayes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1971 | |
Innspelt | Mars 1971–oktober 1971 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 93:38 | |
Selskap | Enterprise | |
Produsent | Isaac Hayes | |
Isaac Hayes-kronologi | ||
---|---|---|
Shaft (1971) |
Black Moses | Live at the Sahara Tahoe (1973)
|
Black Moses er det femte studioalbumet til den amerikanske soulartisten Isaac Hayes. Det er eit dobbeltalbum gjeve ut på Stax Records-etiketten Enterprise i 1971. Det er oppfølgjaren til det suksessrike filmmusikkalbumet til Hayes for Shaft (som òg var eit dobbeltalbum) og inneheld Hayes sin versjon av hitsingelen til The Jackson 5, «Never Can Say Goodbye». Hayes-versjonen vart òg ein hit og nådde 22. plassen på Billboard Hot 100.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Clash | (positiv)[2] |
Paste | (88/100)[3] |
Pitchfork Media | (8.7/10)[4] |
Record Collector | [2] |
Rolling Stone | (negativ) 1972[5] |
Rolling Stone | 2008[2] |
Spin | (9/10)[6] |
Uncut | [7] |
Bakgrunn
endreI tillegg til «Never Can Say Goodbye», var andre songar på Black Moses coverversjonar av songar gjort populære av The Carpenters («(They Long to Be) Close to You», Toussaint McCall («Nothing Takes the Place of You»), The Friends of Distinction («Going in Circles»), Dionne Warwick («I'll Never Fall in Love Again») og Little Johnny Taylor («Part Time Love»). Hayes kalla Black Moses det mest personlege albumet hans.[8]
Den same samplinga frå «Ike's Rap II» vart nytta i fire forskjellige songar omtrent samstundes i midten av 1990-åra: «Hell Is Around The Corner» av Tricky, «Glory Box» av Portishead, «Jorge da Capadócia» og «Salve», begge av den brasilianske rapgruppa Racionais MC's.[8] «Ike's Rap II» vart òg sampla av Alessia Cara på songen hennar «Here» i 2014.
Albumtittelen kom frå kallenamnet til Stax-sjefen Dino Woodward på Hayes, som han gav musikakren etter å ha samanlikna effekten musikken hans hadde på det svarte publikummet med den bibelske personen Moses.[8] Den då djupt kristne Hayes prøvde å unngå dette kallenamnet og meinte det var «vanheilag»,[9] sjølv om journalisten Chester Higgins populariserte kallenamnet «Black Moses» i ein artikkel han skreiv om Hayes for Jet. Hayes såg sidan «Black Moses» som eit symbol for black pride:
«Svarte menn kan endeleg stå opp og vere menn fordi her er Black Moses; han er personifiseringa av svart maskulinitet. Lenkjer som ein gong representerte trelldom og slaveri kan no vere teikn på makt og styrke og seksualitet og manndom»[8]
Larry Shaw, som leia marknadsføringa til Stax, kom opp med ideen om å kalle albumet Black Moses.[8] Han og Bar-Kays-medlemmmet Ron Gordon kom på at albumet burde kunne brettast ut og syne eit bilete av Hayes kledd i bibelskinspirerte klede som «Svarte Moses».[8]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Never Can Say Goodbye» (Clifton Davis) | 5:07 |
2. | «(They Long to Be) Close to You» (Burt Bacharach, Hal David) | 8:58 |
3. | «Nothing Takes the Place of You» (Toussaint McCall, Alan Robinson) | 5:29 |
4. | «Man's Temptation» (Curtis Mayfield) | 4:59 |
Total lengd: | 24:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Never Gonna Give You Up» (Kenneth Gamble, Leon Huff, Jerry Butler) | 5:47 |
6. | «Medley: «Ike's Rap II» / "Help Me Love» (Hayes, Johnny Baylor, Mickey Gregory, Luther Ingram, Tommy Tate) | 7:31 |
7. | «Need to Belong to Someone» (Mayfield) | 5:15 |
8. | «Good Love» (Gregory, Hayes) | 5:15 |
Total lengd: | 23:48 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Medley: «Ike's Rap III» / "Your Love is So Doggone Good» (Hayes, Difosco Ervin, Rudy Love) | 9:15 |
10. | «For the Good Times» (Kris Kristofferson) | 5:20 |
11. | «I'll Never Fall in Love Again» (Burt Bacharach, Hal David) | 5:02 |
Total lengd: | 19:37 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Part-Time Love» (Clay Hammond) | 8:30 |
13. | «Medley: «Ike's Rap IV» / "A Brand New Me» (Isaac Hayes, Kenneth Gamble, Thom Bell, Jerry Butler) | 9:40 |
14. | «Going in Circles» (Jerry Peters, Anita Poree) | 7:02 |
Total lengd: | 25:12 |
Medverkande
endre- Isaac Hayes - solo- og korvokal
- «Hot», «Buttered» og «Soul»: korvokal
- The Bar-Kays, instrumentering: «(They Long to Be) Close to You» og «Going in Circles»
- Instrumentering på alle andre songar av The Isaac Hayes Movement:
- Piano, vibrafon, orgel, elektrisk piano - Isaac Hayes
- Bass - Ronnie Hudson
- Bongo, conga - Gary Jones
- Trommer, tamburin - Willie Hall
- Elektrik piano - Lester Snell
- Gitar - Charles «Skip» Pitts
- Piano - Sidney Kirk
- Arrangert av Isaac Hayes & Johnny Allen, utanom «(They Long To Be) Close to You» av Isaac Hayes & Dale Warren
- Lydteknikarar: Ron Capone, William Brown, Henry Bush, Eddie Marion, Dave Purple
- Miksing: Ron Capone, Dave Purple og Isaac Hayes
Samplingar
endre- Portishead nytta ein sampling av «Ike's Rap II» i songen «Glory Box». Same året, i 1995, brukte Tricky den same samplinga i songen sin «Hell Is Round The Corner».
- Den kanadisk songaren Alessia Cara sampla «Ike's Rap II» på debutsingelen hennar «Here».
- «Ike's Rap III» vart sampla av Cormega på songen «Love in Love Out».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Black Moses» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, Lindsey (March 3, 2008). Review: Black Moses. Allmusic. Henta on 2010-12-28.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Product notes – Black Moses. Muze. Henta on 2010-12-28.
- ↑ Columnist (April 2, 2009). Review: Black Moses. Paste. Henta on 2010-12-28.
- ↑ Deusner, Stephen M. (March 4, 2009). Review: Black Moses. Pitchfork Media. Henta on 2010-12-28.
- ↑ Gersten, Russell (January 20, 1972). Review: Black Moses. Rolling Stone. Henta on 2010-12-28.
- ↑ Hultkrans, Andrew (May 2009). "Review: Black Moses". Spin: 95.
- ↑ Spencer, Neil (March 2009). Review: Black Moses Arkivert 2013-05-05 ved Archive.is. Uncut. Henta on 2010-12-28.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Bowman (1997), p.237–240
- ↑ Morgan Neville, Robert Gordon, and Mark Crosby [directors, writers, produsents]. (2007). Great Performances - Respect Yourself: The Stax Records Story. [TV documentary]. New York City: Tremolo Productions, Concord Music Group, Thirteen/WNET New York.