Pasadena
(Omdirigert frå Pasadena i California)
Pasadena er ein by i Los Angeles County i delstaten California i USA. Byen, som har 137 000 ibuarar (2010), ligg 263 meter over havet og ved foten av fjellkjeda San Gabriel Mountains.
Pasadena vart grunnlagd i 1873 og innlemma i delstaten California i 1886. Verksemder som forskingsinstituttet California Institute of Technology (Caltech) og romfartsverksemda Jet Propulsion Laboratory held til i Pasadena.
Finalane i VM i fotball 1994 og VM i fotball 1999, den siste for kvinner, vart begge spelt på Rose Bowl i Pasadena.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pasadena, California» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2015.