Pascal Couchepin
Pascal Couchepin (fødd 5. april 1942) er ein sveitsisk politikar. Han vart med i den sveitsiske regjeringa, Føderasjonsrådet, i 1998. I 2003 og igjen i 2008 hadde han den rullerande posten som president i Sveits. Han kjem frå den franskspråklege delen av Sveits. Han representerer det liberale partiet Det frisinna demokratiske partiet.
Pascal Couchepin | |||
| |||
Fødd | 5. april 1942 (82 år) Martigny | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sveits | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Université de Lausanne | ||
Barn | Anne-Laure Couchepin Vouilloz | ||
Verv | President i Sveits 2003-2003 | ||
Føregangar | Kaspar Villiger | ||
Etterfylgjar | Joseph Deiss | ||
Verv | President i Sveits 2008-2008 | ||
Føregangar | Micheline Calmy-Rey | ||
Etterfylgjar | Hans-Rudolf Merz | ||
Alle verv |
Couchepin vart fødd i Martigny i kantonen Valais. Han fullførte jusutdanning ved universitetet i Lausanne i 1968. I 1979 vart han vald inn i parlamentet i Sveits. Frå 1989 til 1996 var han parlamentarisk leiar for partiet sitt. 11. mars 1998 vart han vald inn i Føderasjonsrådet. Frå 1998 til 2002 var han finansminister, frå då av innanriksminister.
Couchepin er gift med Brigitte Rendu, frå Frankrike. Dei har tre born.