Pat Rice

britisk fotballspelar

Patrick James Rice (fødd 17. mars 1949) er ein nordirsk tidlegare fotballspelar, fødd i Belfast.

Pat Rice


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. mars 1949 (74 år)
Belfast
Idrett fotball
Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Rice voks opp i London og fekk kontrakt med Arsenal FC. Han fekk sin debut i desember 1967, men ikkje plass i fyrsteellevaren før 1970. Sidan var han fast høgreback i Arsenal-laget i ti år, siste tre sesongane som lagkaptein. Våren 1971 var han med om å vinne både ligameisterskapen og FA-cupen. I 1979 kunne han som kaptein heve FA-trofeet då Manchester United vart slått i cupfinalen på Wembley stadion i London. Etter 528 kampar for Arsenal flytta han til Watford FC i 1980, spelte på det laget til han la opp i 1984. I 1983 overraska Watford-laget med å kome på andreplass i 1. divisjon etter Liverpool FC. Rice spelte 49 landskampar for Nord-Irland i tida 1968-79, utan å skåre.'

Frå 1996 til 2012 var Rice assisterande lagsjef i Arsenal FC.

Kjelder endre