Opna hovudmenyen
Patricia Heaton, amerikansk skodespelar.

Patricia er eit kvinnenamn med opphav i det romerske Patricius som betyr 'adeleg'. Dette ordet er igjen avleidd frå pater, 'far'. Patricia og den mannlege utgåva av namnet, Patrick, har namnedag den 5. mars.

Namnet har kortformer som Pat, Pattie, Patsy, Trish og Tricia.

BrukEndra

Patricia er blant dei mest brukte namna i Chile og USA og er også vanleg i Frankrike, Spania og Belgia. Varianten Patrycja er vanleg i Polen og Patrizia i Italia. I USA var Patricia det tredje mest brukte i 1937-1943, og sokk deretter i popularitet.[1]

Namnet er mindre vanleg i Noreg, med 436 namneberarar i 2009.

NamneberararEndra

KjelderEndra

  • Søk etter norsk namnestatistikk for Patricia hjå Statistisk Sentralbyrå
  • "Patricia", A Dictionary of First Names, Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online. 5 March 2009

FotnotarEndra

  1. Engelsk Wikipedia oppgav Popularity of a Name. Social Security Administration ssa.gov, accessed July 17, 2008