Patrick
Patrick, Patrik og Patryk er mannsnamn med opphav i det romerske Patricius som betyr 'adeleg'. Dette ordet er igjen avleidd frå pater, 'far'.
Namnet har ei rekkje former, som baskisk Patirki, fransk Patrice, italiensk Patrizio, islandsk Patrekur og latvisk Patriks. Vanleg kortformer er Pat, Paddy og Patsy. Patrick og den kvinnelege utgåva av namnet, Patricia, har namnedag den 5. mars.
Namnet Patrick, dei gæliske formene Padraig/Padraic, og kortforma Paddy, er særleg knytt til Irland gjennom den irske nasjonalhelgenen, Saint Patrick. Helgenen kan òg ha hatt eit ukjend keltisk namn som likna på Patrick. Namnet er òg utbreidd i Frankrike, noko som kan ha samanheng med at mange irske katolikkar som blei forfølgde av den britiske styresmakta drog dit på 1700-talet.[1] Ein finn også namnet i andre område irar har flytta til, som USA, og noko mindre vanleg i resten av Europa.
Bruk
endrePatrick tok til å brukast i Noreg rundt 1915, og voks seint i poularitet fram mot 1980-talet, Rundt 1985 fekk bruken ein kraftig vekst, og rundt 0,30 % av gutebarn fekk namnet årleg.
Det er 2 506 menn som heiter Patrick, 555 som heiter Patric og 149 som heiter Patryk i Noreg (2009).
Namneberarar
endre- heilage Patrick
- Patrick Pearse (1879-1916), irsk forfattar og aktivst
- Patrick Stewart (f. 1940), britisk skodespelar
- Patrick Bartholomew Ahern (f. 1951), kjend som Bertie Ahern, irsk politikar
- Patrick Bruce Metheny (f. 1954), kjend som Pat Metheny, amerikansk jazzmusikar
- Patrick Leonard (f. 1955), amerikansk musikar
- Patrik Fitzgerald (f. 1956), britisk songar
- Patrick Dempsey (f. 1966), amerikansk skodespelar
- Patrick Thoresen (f. 1983), norsk ishockeyspelar
- Patrick Swayze (1952-), amerikansk skodespelar
- Plateprodusenten Patrick McCarthy frå Irland
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Patrick hjå Statistisk Sentralbyrå
Fotnotar
endre- ↑ "Patrick" A Dictionary of First Names. Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 5 March 2009