Paul-Erik Krogsvold

norsk politikar

Paul-Erik Krogsvold (fødd 30. mai 1944) er ein norsk lærar, rektor og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Moss kommune i to vender, frå 1992 til 1995 og frå 2004 til 2011.

Paul-Erik Krogsvold
Fødd 30. mai 1944
Død 17. mai 2016
Parti Arbeidarpartiet
1. verv Ordførar i Moss
 - periode 2004-2011
 - føregangar Gretha Kant
 - etterfylgjar Tage Pettersen
2. verv Ordførar i Moss
 - periode 1992-1995
 - etterfylgjar Gretha Kant
3. verv Varaordførar i Moss
 - periode 1988-1991

Krogsvold vart fyrste gong vald inn i kommunestyret i 1972, og sat i formannskapet frå 1988 til 2011. I perioden 1988-1991 var han varaordførar. Krogsvold takka av som politikar og tilsett i Moss kommune i 2011.[1]

ReferansarEndra

  1. «Ordfører Paul-Erik Krogsvold ble takket av for sin innsats». Moss kommune. 20. september 2011. Henta 21. oktober 2011. 

BakgrunnsstoffEndra