Opna hovudmenyen

Tage Pettersen (fødd 25. juli 1972 i Moss) er ein norsk politikar (H). Han var ordførar i Moss kommune frå 2011 til 2017. Han har vore leiar i Østfold Høyre sidan 2008, 1. vararepresentant til Stortinget frå Østfold sidan 2009[2], og gruppeleiar for Høgre i Moss bystyre frå 2003. Frå 2017 er han stortingsrepresentant for Østfold.

Tage Pettersen
Tage Pettersen Forsvaret.jpg
Tage Pettersen
Foto: Audun Aas/Soldatnytt
Fødd 25. juli 1972

Moss

Parti Høgre
Verv Ordførar i Moss kommune
 - periode 2011–2017
 - føregangar Paul-Erik Krogsvold
 - etterfylgjar Hanne Tollerud[1]
Wikimedia Commons: Tage Pettersen

Pettersen er utdanna kokk og har studerte forvalting og administrasjon ved Befalsskolen for Marinen.

Han var intendant (økonomisjef) på KV «Nordkapp» 1998–1999, og arbeidde ved Befalsskolen for Marinen 1999–2001. 2001-2003 var han avdelingssjef for fag- og ressursavdelinga i Akershus kommandantskap Regional støttefunksjon/Oslo. Han har vore underdirektør og sjef for Vernepliktsrådet sidan 1. juni 2003.

Pettersen var formann i Moss Unge Høyre 1989–1990 og formann i Østfold Unge Høyre 1990–1993. Han var medlem av Moss formannskap 1990–1993 og nestleiar i Elevorganisasjonen 1994–1995. Ved kommunestyrevalet i 2007 var Pettersen ordførarkandidat for Moss Høyre, men tapte mot den sitjande ordføraren Paul-Erik Krogsvold frå (Ap).

ReferansarEndra

  1. Helge Warberg-Knoll (21. september 2017). «Hanne Tollerud blir historisk - første kvinnelige ordfører fra Ap i Moss». Moss Avis. Henta 13. oktober 2017. 
  2. stortignet.no Biografi; Tage Pettersen

BakgrunnsstoffEndra