Paul Cotton

Norman Paul Cotton (fødd 26. februar 1943) er ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, mest kjend som medlem i bandet Poco og som låtskrivar av hitten «Heart of the Night» for bandet.

Paul Cotton
PaulCottonPoco07.jpg
Cotton i juni 2007
Fødd26. februar 1943 (78 år)
FødestadFort Rucker i Alabama
FødenamnNorman Paul Cotton
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock, countryrock, country, pop
InstrumentGitar
Tilknytte artistarPoco
PlateselskapColumbia, Epic
Verka somMusikar

Cotton skreiv òg Poco-songar som «Barbados», «Indian Summer», «Ride The Country» og «Bad Weather». Før Poco var han med å skipe Illinois Speed Press med Kal David, som gav ut to album. Cotton slutta i Poco tidleg i 2010.

SolodiskografiEndra

  • 1990 Changing Horses (Curb)
  • 2001 Firebird
  • 2004 When the Coast Is Clear
  • 2007 Sunset Kidd
  • 2014 100% Paul Cotton

KjelderEndra