Countryrock er ein undersjanger av popmusikken danna som ei blanding av rock og country. Han vart utvikla av rockemusikarar som byrja å spele meir countryaktige songar seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra. Desse musikarane spelte inn rockesongar med tema, vokalstilar og instrument, mellom anna pedal steel-gitar, som var vanlege i country.[1] Countryrock byrja med Bob Dylan og The Byrds, og nådde størst popularitet i 1970-åra med artistar som Emmylou Harris, Eagles, Michael Nesmith, Poco og Pure Prairie League. Countryrock påverka òg artistar i andre sjangrar, som The Band, Grateful Dead, Creedence Clearwater Revival, The Rolling Stones og soloarbeidet til George Harrison.[1] Sjangeren spelte òg ein del i utviklinga av Southern rock.

Kjenneteikn endre

Rock and roll har ofte blitt rekna som ein kombinasjon av rhythm and blues og country, ei blanding som er særleg tydeleg i rockabilly i 1950-åra,[2] og det har vore mange kryssingar mellom dei to sjangrane gjennom historia, men omgrepet countryrock refererer til ei bølgje av rockemusikarar seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra som spelte rock med tema, vokalstil og instrument som var vanleg i country.[1] John Einarson skriv: «Ut frå ei rekkje perspektiv og motivasjonar, spelte desse musikarane anten med ei rock & roll-haldning, eller la til ei country-kjensle til rock, eller folk, eller bluegrass. Det var ingen reglar».[3]

Historie endre

Opphav endre

 
Gram Parsons i 1972.

Ein kan høyre countrypåverknaden på rockeinnspelingar gjennom heile 1960-åra, som på The Beatles-innspelingane «I'll Cry Instead», «Baby's in Black» og «I Don't Want to Spoil the Party» frå 1964, The Byrds sin versjon av Porter Wagoner-songen «Satisfied Mind» frå 1965, på Rolling Stones-songen «High and Dry» (1966), og Buffalo Springfield sin «Go and Say Goodbye» (1966) og «Kind Woman» (1968).[1] I 1966, då mange rockeartistar i aukande grad gjekk mot meir eksperimentell psykedelia, stod Bob Dylan i spissen for ein meir grunnleggjande stil, roots revival, då han drog til Nashville og spelte inn albumet Blonde on Blonde med lokale musikarar som Charlie McCoy.[4] Dette og dei seinare meir tydeleg countryaktige albuma John Wesley Harding (1967) og Nashville Skyline (1969), har blitt rekna som opphavet til sjangeren countryfolk, ei rute som hovudsakleg akustiske visesongarar følgde.[4]

Dylan vart etterfølgd av The Byrds, som fekk med seg Gram Parsons i bandet i 1968. Parsons hadde blanda country med rock, blues og folk for å skape det han kalla «kosmisk amerikansk musikk».[5] Tidlegare på året hadde Parsons gjeve ut Safe at Home (men det meste av innspelinga hadde funne stad i midten av 1967) med International Submarine Band, som brukte mykje pedal steel og vert rekna som eit av dei første verkelege countryrockalbuma.[1] Resultatet av den korte perioden til Parsons i the Byrds var Sweetheart of the Rodeo (1968), generelt rekna som den beste og viktigaste innspelinga i sjangeren.[1] The Byrds fortsette ei kort stund i same bane, men Parsons slutta og fekk med seg eit anna tidlegare Byrds-medlem, Chris Hillman, og danna The Flying Burrito Brothers. Over dei neste to åra spelte dei inn albuma The Gilded Palace of Sin (1969) og Burrito Deluxe (1970), som var med å forme sjangeren og gje han respekt, før Parsons slutta for konsentrere seg om solokarrieren.[1]

Utviding endre

 
Emmylou Harris, «dronninga av countryrock», i Rotterdam i 2006.

Countryrock var særleg populært i musikkmiljøet i California seint i 1960-åra, og artistar som byrja å spele countryrock var mellom andre Hearts and Flowers, Poco (danna av Richie Furay og Jim Messina, tidlegare i Buffalo Springfield) og New Riders of the Purple Sage.[1] Some folkrock-artistar følgde the Byrds inn i sjangeren, som the Beau Brummels[1] og the Nitty Gritty Dirt Band.[6] Fleire av artistane opplevde òg ein renessanse med å bruke countrystilen, som the Beatles, som utforska countryelement på ny på dei seinare albuma, som på songane «Rocky Raccoon» og «Don't Pass Me By» frå White Album (1968),[7] og «Octopus's Garden» frå Abbey Road (1969);[8] the Everly Brothers som med albumet Roots (1968) spelte inn det som ofte vert rekna som det beste verket deira, det tidlegare tenåringsidolet Ricky Nelson som vart frontmann i the Stone Canyon Band; John Fogerty, som slutta i Creedence Clearwater Revival for å spele i countrybandet The Blue Ridge Rangers;[9] Mike Nesmith, som hadde eksperimenterte med countrystilen medan han var i The Monkees, og danna First National Band;[10] og Neil Young som flytta inn og ut av sjangeren gjennom heile karrieren.[1] Ein av få artistar som klarte å gå over frå countrysida til rockesida med suksess var bluegrassbandet The Dillards.[1]

Høgdepunkt endre

 
Dickey Betts i Allman Brothers Band, henta element av countryrock til bandet sitt i 1970-åra.

Countryrocken hadde størst kommersiell suksess i 1970-åra, der Doobie Brothers blanda inn element av R&B, Emmylou Harris (tidlegare korsongar for Parsons) vart «dronninga av countryrock» og Linda Ronstadt skapte ei særs suksessrik pop-orientert versjon av sjangeren.[11] Pure Prairie League, skipa i Ohio i 1969 av Craig Fuller, fekk både god kritikk og selde godt med fem topp 40-album på rad,[12] mellom andre Bustin' Out (1972), som Allmusic-kritikaren Richard Foss omtalte som «eit album som er utan sidestykke i countryrocken»[13] og Two Lane Highway, skildra av Rolling Stone Magazine som «verdt å nemne på lik linje med The Byrds sitt Sweetheart Of The Rodeo og andre juvelar frå sjangeren».[14] Tidlegare medlemmar av bandet til Ronstadt danna Eagles (med medlemmar frå the Flying Burrito Brothers, Poco og Stone Canyon Band), og dei vart eit av dei mest suksessrike rockebanda gjennom tidene, med album som Desperado (1973) og Hotel California (1976).[11] Dei viktigaste countryelementa til Eagles kom frå Bernie Leadon som hadde spelt i the Flying Burrito Brothers, og då han slutta i bandet seint i 1975 var det lite country att i bandet. I 1979 gjekk Southern rock-bandet Charlie Daniels Band i ein meir countryretning og gav ut ein song med kraftig bluegrass-påverknad, «The Devil Went Down to Georgia», og songen vart ein hit på poplista.[15]

Noreg endre

Etter debuten til Hole In The Wall fra Bergen, "kom countryrocken for alvor til Norge med Prudence" og låta «Tomorrow May Be Vanished (Victoria ‘så bærre pass dæ!’)»; Countryrock blei også kalla Trønderrock; "To år seinere fulgte bergenserne i Flying Norwegians opp med debuten «New Day» og to år seinere «Wounded Bird», ett av de viktigste countryrockalbumene som er gitt ut i Norge ved siden av «Tomorrow May Be Vanished»", skreiv Øyvind Rønning i 2018.[16]

Ettermæle endre

Utafor desse få stjernene, har countryrocken hatt innverknad på artistar i andre sjangrar, som The Band, Grateful Dead, Creedence Clearwater Revival, The Rolling Stones og soloarbeidet til George Harrison.[1] Det spelte òg ei rolle i utviklinga av Southern rock, som stort sett var basert på bluesrock, med ein særeigen sørleg sving, og bana veg for delar av alternativ country-rørsla.[1] Sjangeren vart mindre populær seint i 1970-åra, men somme etablerte artistar, som Neil Young, har halde fram med å spele countryaktig rock inn i 2000-åra. Countryrock har overlevd i Texas med artistar som The Flatlanders, Joe Ely, Butch Hancock, Jimmie Dale Gilmore og California-baserte Richard Brooker.[1][17] Andre artistar som stundom har laga innspelingar i sjangeren er Elvis CostelloAlmost Blue (1981)[1] og Robert Plant og Alison KraussRaising Sand, som var eit av dei bestseljande albuma i 2007.[18]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 V. Bogdanov, C. Woodstra and S. T. Erlewine, All music guide to rock: the definitive guide to rock, pop, and soul (Backbeat Books, 3rd edn., 2002), p. 1327.
  2. B. Horner and T. Swiss, Key terms in popular music and culture (Wiley-Blackwell, 1999), p. 104.
  3. J. Einarson, Desperados: The Roots of Country Rock (Rowman & Littlefield, 2001), ISBN 0815410654, p. 1.
  4. 4,0 4,1 K. Wolff, O. Duane, Country Music: The Rough Guide (Rough Guides, 2000), p. 392.
  5. Leggett, Steve. «Gram Parsons Archive, Vol. 1: Live at the Avalon Ballroom 1969 review». Allmusic. Henta 23. september 2016. 
  6. P. Buckley, The Rough Guide to Rock (Rough Guides, 3rd edn., 2003), p. 730.
  7. http://www.allmusic.com/album/the-beatles-white-album-mw0000418113
  8. http://www.allmusic.com/song/octopuss-garden-mt0010100295
  9. J. Dougan, "Blue Ridge Rangers: Biography", Allmusic, retrieved 9 April 2011.
  10. Andrew Sandoval, The Monkees: The Day by Day Story of the '60s Pop Sensation (Thunder Bay Press, 2005), p. 118.
  11. 11,0 11,1 N. E. Tawa, Supremely American: popular song in the 20th century: styles and songarar and what they said about America (Scarecrow Press, 2005), s 227-8.
  12. W. Ruhlmann, "Pure Prairie League: Biography", Allmusic, retrieved 8 April 2011.
  13. R. Foss, «Bustin' Out Pure Prairie League: Review», Allmusic, arkivert frå originalen 31. august 2011, henta 23. september 2016 .
  14. Rolling Stone Magazine #194 August 28, 1975.
  15. About Charlie Daniels
  16. https://www.dagbladet.no/kultur/takk-te-dokk-prudence/69555789
  17. P. Buckley, The Rough Guide to Rock (Rough Guides, 3rd edn., 2003), pp. 145-6.
  18. "The Top 50 Albums of 2007" Arkivert 2009-04-15 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. December 17, 2007. Henta 23. september 2016.