Paul Meyer Smit (30. august 181323. februar 1875) var ein norsk embetsmann frå Bergen, stortingsmann 1854-58.

Paul Meyer Smit
Fødd31. august 1813
Død25. februar 1875
Statsborgar avNoreg

Smit var son til ein kjøpmann. Han vart student i 1831 og cand.jur. i 1837. I 15 år var han fullmektig på stiftskontoret i Bergen, frå 1846 også dispasjør. 1849-59 var han auditør i bergenske brigade og garnisonsaudistør ved Bergenhus festning. I 1859 fekk han verte stiftamtmann i Bergen, ein posisjon han hadde livet ut.

Smit var ordførar i Bergen 1852-53, 1855-56 og 1858-59. Han representerte Bergen på Stortinget i 1854 og 1857, og på omframtstortinget 1858. I 1854 var han medlem i Næringskomite nr 1, medan han både i 1857 og -58 var president i Odelstinget. Elles 1857 formann i Næringskomite nr 2 og 1858 medlem i Valkomiteen og Bannkomiteen.

KjelderEndra