Paul Okkenhaug
Paul Okkenhaug (30. juni 1908–30. november 1975) var ein norsk komponist og organist. Han er mest kjend som komponist av musikken til Spelet om Heilag Olav, som vert framført ved Stiklestad nasjonale kultursenter kvar sommar.
Paul Okkenhaug | |||
Fødd | 30. juni 1908 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Frol kommune | ||
Død | 30. november 1975 (67 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | musikar, komponist, bonde | ||
Mor | Sigrun Okkenhaug |
Okkenhaug var fødd i Frol i Levanger. Han var odelsgut på garden Okkenhaug, og son til forfattaren Sigrun Okkenhaug. Han voks opp i eit kreativt miljø, og utdanna seg til organist ved Norges Musikkhøgskole (det dåverande Musikkonservatoriet) i Oslo og var tilsett ein periode i Nidarosdomen. Han fekk undervising i komposisjon hjå Bjarne Brustad og seinare hjå David Monrad Johansen og Geirr Tveitt.
I 1946 fekk Okkenhaug komponiststipend og han nytta dette til eit opphald i København. I 1949 vart han tilsett som organist i Levanger kyrkje, der han virka resten av livet.
Han var ein dyktig improvisatør og ein allsidig komponist.
Markeringar
endrePaul Okkenhaug-dagane har vore skipa i Levanger i 2001, 2005 og i 2008, hundreårsjubileet for fødselen til Okkenhaug.