Paul Pogba
Paul Labile Pogba (fødd 15. mars 1993) er ein fransk fotballspelar frå Lagny-sur-Marne i Seine-et-Marne-departementet som spelar for den engelske klubben Manchester United.[3]
Fødd | 15. mars 1993 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lagny-sur-Marne | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester United | ||
Nummer | 6 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1999–2006 | Roissy-en-Brie | ||
2006–2007 | Torcy | ||
2007–2009 | Le Havre | ||
2009–2011 | Manchester United | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2011–2012 | Manchester United | 3 | (0) |
2012–2016 | Juventus | 124 | (28) |
2016– | Manchester United | 108 | (25) |
Landslag | |||
2010 | Frankrike U17 | 10 | (2) |
2010–2011 | Frankrike U18 | 6 | (1) |
2011–2012 | Frankrike U19 | 12 | (4) |
2012–2013 | Frankrike U20 | 13 | (3) |
2013– | Frankrike | 69 | (10) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. juli 2020[1] ‡ Landslagsmål oppdatert 24. august 2019[2] |
Frå 2012 til 2016 spelte han sentralt på midtbana til italienske Juventus. Han har delteke i 37 landskampar for Frankrike i tida 2013-16 og skåra seks mål.
Pogba fekk kontrakt med den engelske klubben Manchester United då han var 16 år gammal, og spelte nokre få kampar for laget i 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 valde han å gå til Torino-klubben Juventus og vart seriemeister dei fire fyrste åra han spelte i klubben. I 2015 og 2016 var han attpåtil nasjonal cupvinnar. Han var også med då Juventus tapte finalekampen i Meisterligaen 2015 mot FC Barcelona.
Pogba var fast i fyrstellevaren då Frankrike deltok i fotball-VM 2014 i Brasil, og sameleis då Frankrike var vertsland til EM i fotball 2016.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Pogba» frå Wikipedia på tysk, den 10. juli 2016.