Opna hovudmenyen

Paul Thompson (fødd 13. mai 1951) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Roxy Music frå 1971 til 1980 og frå 2001 til i dag. Innimellom periodane med Roxy Music, var han trommeslagar i Oi!-bandet Angelic Upstarts og det amerikanske alternative rockebandet Concrete Blonde.

Paul Thompson
PaulThompson2011.jpg
Thompson med Roxy Music, LG Arena i Birmingham, januar 2011
Fødd13. mai 1951
FødestadNewcastle upon Tyne, England
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerGlamrock, rock, kunstrock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarAngelic Upstarts, Concrete Blonde, Roxy Music
PlateselskapIsland
Verka somMusikar

Thompson voks opp i Jarrow og gjekk på West Simonside Infants and Junior School. Han vart medlem av The Influence med John Miles, og så i Roxy Music i 1971 der han spelte trommer på seks studioalbum, i tillegg til at han spelte med bandkameratane Bryan Ferry, Brian Eno, Andy Mackay og Phil Manzanera på soloalbuma deira, i tillegg til at han turnerte med dei.

I 1980 gjekk Thompson og bandet kvar sine vegar på grunn av «musikalske skilnader», og Thompson spelte med musikarar som Gary Moore, Jonathon Perkins og Concrete Blonde. I 2001 vart han gjenforeint med resten av Roxy Music (utanom Brian Eno, som ikkje ønskte å delta). Han har òg turnert med Bryan Ferry, på Frantic-turneen hans.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra