Frantic
Studioalbum av Bryan Ferry
Språk engelsk
Utgjeve 15. april 2002
Sjanger
Lengd 47:22
Selskap Virgin
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies, Colin Good, David A. Stewart, Robin Trower
Bryan Ferry-kronologi 
As Time Goes By
(1999)
Frantic Dylanesque
(2007)


Frantic er det ellevte studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, den tidlegare solovokalisten i Roxy Music. Albumet kom ut Virgin Records i 2002. Dei fleste songane var produserte av Rhett Davies, Colin Good og Bryan Ferry. David A. Stewart og Robin Trower var òg produsentar på eit par av songane.[1][2][3][4]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      lenkje
Entertainment WeeklyB+ lenkje
PopMattersFavorable lenkje
Stylus MagazineA- lenkje

AllMusic-kritikaren Tim DiGravina skreiv om albumet: «Somme lyttarar kan kome til å seie at eit album som er så variert har ei identitetskrise, men med desse usedvanlege gode spora, så flotte som Dylan-songane og Eno-songen som avsluttar albumet, er Frantic eit fascinerande tillegg til diskografien til Bryan Ferry.»[5] PopMatters-kritikaren David Medsker skreiv: «Frantic er litt som ei samleplate, med bitar som minner om Boys and Girls og andre som minner om seinare Roxy, og det kan rangerast midt på treet til øvre halvdel blant alle albuma hans. Men det er det mest samanhengande albumet han har gjort på lang tid. Med tanke på kor nedslått og ute han verka å vere, er det faktum at Frantic er meir enn halvbra er grunn til glede.»[6]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Produsent(ar)Lengd
1.«It's All Over Now, Baby Blue»Bob DylanDavies, Good, Ferry4:05
2.«Cruel»Ferry, David A. StewartDavies, Good, Ferry3:55
3.«Goin' Down»Don NixDavies, Good, Ferry3:08
4.«Goddess of Love»Ferry, StewartStewart, Ferry3:33
5.«Don't Think Twice, It's Alright»DylanDavies, Good, Ferry4:05
6.«Nobody Loves Me»Ferry, StewartDavies, Good, Ferry3:23
7.«Ja Nun Hons Pris»Richard Coeur de Lion, arr Ferry og GoodDavies, Good, Ferry0:35
8.«A Fool for Love»FerryDavies, Good, Ferry4:44
9.«Goodnight Irene»Huddie Ledbetter, Alan LomaxFerry, Trower3:20
10.«Hiroshima...»FerryFerry, Trower3:13
11.«San Simeon»Ferry, StewartDavies, Good, Ferry4:36
12.«One Way Love»Bert Russell, Norman MeadeStewart, Ferry3:05
13.«I Thought»Ferry, Brian EnoFerry, Trower, Davies, Good5:40
14.«I Forgot More Than You'll Ever Know» (Japansk bonusspor)Cecil NullFerry, Davies, Good 

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Medsker, David. «Bryan Ferry: Frantic». popmatters.com. Henta 25. juli 2021. 
  2. Young, Alex. «Album Review: Bryan Ferry – Olympia». consequenceofsound.net. Henta 25. juli 2021. 
  3. Jones, Chris. «Bryan Ferry Frantic Review». bbc.co.uk. Henta 25. juli 2021. 
  4. Weiner, Mathew. «Bryan Ferry». stylusmagazine.com. Arkivert frå originalen 9. mai 2012. Henta 25. juli 2021. 
  5. http://www.allmusic.com/album/frantic-mw0000660001
  6. http://www.popmatters.com/review/ferrybryan-frantic/