Paulding Bay
Paulding Bay er ei bukt langs kysten av Antarktis like vest for Clark Point. Dei ytre delane av bukta grensar til Moscow University isbrem og Voyeykov isbrem. Ho vart kartlagd av G.D. Blodgett (1955) frå flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump (1946-47), og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter James K. Paulding som var sekretær i marinen under Martin Van Buren. Paulding hadde tidlegare tent som agent i U.S. Navy for New York og var ein viktig person i utrustinga av US Exploring Expedition (1838-42) under løytnant Charles Wilkes.
Paulding Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°35′S 123°15′E / 66.583°S 123.250°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Paulding Bay 66°35′00″S 123°15′00″E / 66.583305555556°S 123.25°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Paulding Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).