Pave Felix III

italiensk prest

Felix III var pave frå 526 til 530. Fordi ein tidlegare pave som òg heitte Felix seinare blei erklært motpave, blir denne paven ofte òg kalla Felix IV.

Felix III

Mosaikk av pave Felix i Kosmas og Damiankyrkja i Roma
Felix III
DåpsnamnFelix
FøddUkjend dato
Samnium
Død22. september 530
Roma
Valdjuli 526
Innsett12. juli 526
Heilagkåra:Like etter sin død
Festdag:22. september
Føregangar:Johannes I
Etterfylgjar:Bonifatius II

Han var frå Samnium og var sonen til ein Castorius. Etter at pave Johannnes I vart drepen av den austgotiske kong Theodoric den store, etterkom dei som skulle velje den nye paven kongen sine krav og valde kardinal Felix til pave. Valet fann stad nesten 2 månader etter at Johannes I døydde i fangenskap.

Sidan Felix var kongen sin favoritt, førte det til at kongen skaffa kyrkja større fordelar. Han fekk godkjend at rettssaker mot geistlege skulle handterast av paven. Han definerte kyrkja si lære om nåde og fri vilje som svar på eit ønske om ei motsetning til semipelagianismen i Gallia.

Paven overrekker helgenane Kosmas og Damian kyrkja han via til dei.

Paven fekk to gamle byggverk på Forum Romanum i gåve frå dronning Amalasuntha. Desse var opphavleg Romuluistempelet og Templum sacrae urbis. Dette siste bygde Felix om og via det til helgenparet Kosmas og Damian som Kosmas og Damiankyrkja.

Felix prøvde å velje sin eigen etterfølgar: Bonifatius. Reaksjonen til senatet var å forby nokon som helst diskusjon om ein etterfølgar til paven resten av livet hans; heller ikkje å akseptere ein nominasjon til same stilling.

Fleirtalet av dei geistlege reagerte på Felix sitt forsøk på å få nominert Bonifatius med å velja Dioscorus til pave, mot mindretalet som stemde for Felix sin kandidat. Dioscorus fungerte som motpave i tjueto dagar, til han døydde. Bonifatius blei den offisielle etterfølgjaren til Felix.

Bakgrunnsstoff endre