Pave Pius IX

italiensk prest

Den salige Pius IX, født Giovanni Maria Mastai Ferretti (13. mai 17927. februar 1878), var pave frå 1846 til han døydde i 1878. Han var pave i 31 år, som då var lengre enn nokon annan pave sidan apostelen Peter.

Pius IX

Pius IX
DåpsnamnGiovanni Maria Mastai Ferretti
Fødd13. mai 1792
Senigallia
Død7. februar 1878
Vatikanpalasset, Roma
Innsett21. juni 1846
Saligkåra:3. september 2000
Føregangar:Gregor XVI
Etterfylgjar:Leo XIII

Pave Pius IX blei fødd i Senigallia som del av adelsfamilien Girolamo dei conti Ferretti. Han blei utdanna i Volterra og Roma. Som ung ønska han å bli del av den pavelege vaktstyrken, men blei avvist ettersom han hadde epilepsi. Han byrja då i staden å studera teologi ved eit romersk presteseminar. Han blei presteordinert i april 1819 og arbeidde som rektor ved Tata Giovanni Institute i Roma før han blei send til Chile og Peru i 1823 og 1825 for å assistere den apostoliske nuntiusen, Giovanni Muzi, i si første misjonsreise til det etter-revolusjonære Sør-Amerika.[1] Då han kom tilbake til Roma, blei han leiar for sjukehuset San Michele i Roma (1825–1827) og kannik ved Santa Maria in Via Lata.

Han blei erkebiskop av Spoleto i 1827, berre 35 år gammal.

Då han blei vald til pave, var det store forventingar knytt til pontifikatet hans; Pius blei oppfatta som politisk liberal. Men då Kyrkjestaten blei innlemma i den nye italienske nasjonalstaten, flykta han frå Roma i 1848, og kom ikkje tilbake før i 1850. Då etablerte han seg i Vatikanet, og kalla seg sjølv «fangen i Vatikanet». Først i 1929 blei konflikten mellom paven og staten Italia løyst ved at Vatikanstaten blei oppretta.

Paven heldt det Første vatikankonsilet i 1869-70, som er best kjend for å vedta dogmet om at paven er ufeilbarleg.

Han var rekna som djupt from, og blei saligkåra i 2000.

Kjelder endre

  1. El Papado y la Iglesia naciente en América Latina (1808 - 1825) 

Bakgrunnsstoff endre