Peace Trail
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 9. desember 2016
Innspelt 9. til 12. september 2016
Studio Shangri-La Studios
Sjanger Rock
Lengd 38:20
Selskap Reprise
Produsent Neil Young & John Hanlon
Neil Young-kronologi 
Earth
(2016)
Peace Trail Hitchhiker
(2017)


Singlar frå Peace Trail
  1. «Indian Givers»
    Utgjeve: 18. september 2016
  2. «Peace Trail»
    Utgjeve: 28. oktober 2016

Peace Trail er det 39. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 9. desember 2016 på Reprise Records. Det vart produsert av Young og John Hanlon og spelt inn i studioet til Rick Rubin, Shangri-La Studios.[1]

Det vart skildra som eit «hovudsakleg akustisk» album og vart spelt inn i lag med trommeslagaren Jim Keltner og bassisten Paul Bushnell.[2]

Bakgrunn og innspeling endre

Peace Trail vart skriven og spelt inn etter Young gav ut konsertalbumet Earth i 2016.[2] Trass i at Young hadde arbeidd mykje med Promise of the Real i 2015 og 2016, valde Young å spele inn eit soloalbum med studiomusikarane Jim Keltner (trommer) og Paul Bushnell (bass). I følgje Bushnell vart albumet spelt inn på fire dagar: «Me spelte inn ti spor over fire dagar. Dei fleste av dei var første eller andre opptak.»[3]

Young inviterte Bushnell til å delta på innspelinga etter å ha høyrt han spele på Promise of the Real-medlemmen Micah Nelson sitt komanade soloalbum. I følgje Bushnell «sa Micah at Neil Young likte basspelinga mi på den plata og spurte Micah om nummeret mitt. Eg trudde ikkje heilt på det før dagen etter, då telefonen min ringte frå dette skjulte nummeret. Eg svarte og fyren sa ‘Er dette Paul?' eg sa, ‘Ja, det er det.’ Stemma sa 'Vel, dette er Neil Young.’»[3]

Mottaking endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic57/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [5]
Classic Rock     [6]
Pitchfork6.7/10[7]
Uncut     [8]

Peace Trail fekk middels kritikk då det kom ut. På Metacritic fekk albumet ein gjennomsnittleg score på 57 av 100, basert på 18 meldingar.[4]

I ei positiv melding for Uncut var Damien Love overraska at Young ikkje valde å spele inn plata med det dåverande bandet sitt, Promise of the Real, men i staden valde Bushnell og Keltner. «Bushnell spelar den perfekte typen bass du nesten ikkje legg merke til. Perkusjonen til Keltner er ei heilt anna soge. Songane er stort sett spelte inn på første eller andre forsøk og Keltner svarar meir på det Young gjer enn å halde rytmen, eit improvisert samspel med merkelege mønster. Plata vert ofte ein duett mellom Young og Keltner.»[8] I ei anna positiv melding for Classic Rock Magazine skreiv Rob Hughes: «Det er kanskje ikkje det mest musikalsk involverte albumet hans i den 50 år lange karrieren hans, men det er eit overtydande bevis på at Young framleis har mykje å gje.»[6]

I ei stort sett positiv melding for Pitchfork rosa Sam Sodomsky at Young valde å gje ut politisk ladde album og at det var tett mellom dei: «Sjølv om røysta til Young aldri har høyrdest eldre ut enn ho gjer her, er det noko ungdommeleg i energien hans. Trass i at han gjev ut to album i året, liknande Ty Segall eller John Dwyer, er musikken hans driven av eit kvilelaust ynskje om å dekkje nye område og sei det han har på hjartet.»[7]

I ei negativ melding for Allmusic meinte Stephen Thomas Erlewine at albumet vart spelt inn for raskt: «Det er estetisk interessant, men problemet med Peace Trail er ikkje konseptet, det er gjennomføringa. Det var meint som ein musikalsk bulletin ala 'Ohio' eller Living with War, og Peace Trail er fylt med songar om akkurat desse augneblinka, men utføringa er så kunstlaus at det glir mot likegyldigheit.»[5]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Peace Trail»5:32
2.«Can't Stop Workin'»2:45
3.«Indian Givers»5:41
4.«Show Me»4:02
5.«Texas Rangers»2:29
6.«Terrorist Suicide Hang Gliders»3:17
7.«John Oaks»5:12
8.«My Pledge»3:54
9.«Glass Accident»2:53
10.«My New Robot»2:35

Salslister endre

Liste (2016) Plassering
Australske album (ARIA)[9] 52
Austerrikske album (Ö3 Austria)[10] 27
Belgiske album (Ultratop Flandern)[11] 30
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[12] 61
Kanadiske album (Billboard)[13] 72
Nederlandske album (MegaCharts)[14] 23
Tyske album (Offizielle Top 100)[15] 23
Irske album (IRMA)[16] 58
Italian Albums (FIMI)[17] 75
New Zealand Heatseekers Albums (RMNZ)[18] 1
Norske album (VG-lista)[19] 32
Skotske album (OCC)[20] 41
Spanish Albums (PROMUSICAE)[21] 82
Swedish Albums (Sverigetopplistan)[22] 14
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[23] 24
Britiske album (OCC)[24] 57
US Billboard 200[25] 76

Kjelder endre

  1. Blistein, Jon (25. oktober 2016). «Neil Young Preps New Album 'Peace Trail'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. februar 2018. Henta 21. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 Sodomsky, Sam (26. oktober 2016). «Neil Young Announces New Album Peace Trail». Pitchfork. Henta 21. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Neil Young hires The Commitments’ Musical Director for his Band». The Sun. Henta 21. mars 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Reviews for Peace Trail by Neil Young». Metacritic. Henta 21. mars 2019. 
  5. 5,0 5,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Peace Trail - Neil Young». Allmusic. Henta 21. mars 2019. 
  6. 6,0 6,1 Hughes, Rob (5. desember 2016). «Neil Young - Peace Trail album review». Classic Rock. Henta 21. mars 2019. 
  7. 7,0 7,1 Sodomsky, Sam (8. desember 2016). «Neil Young: Peace Trail». Pitchfork. Henta 21. mars 2019. 
  8. 8,0 8,1 Love, Damien (5. desember 2016). «Neil Young - Peace Trail». Uncut. Arkivert frå originalen 21. mars 2019. Henta 21. mars 2019. 
  9. «ARIA CHART WATCH #399». auspOp. 21. mars 2019. Henta 21. mars 2019. 
  10. "Neil Young - Peace Trail" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 21. mars 2019.
  11. "Neil Young – Peace Trail" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21. mars 2019.
  12. "Neil Young – Peace Trail" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21. mars 2019.
  13. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 21. mars 2019.
  14. "Neil Young – Peace Trail". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 21. mars 2019.
  15. "Offiziellecharts.de – Neil Young – Peace Trail" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 21. mars 2019.
  16. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 21. mars 2019.
  17. «Album – Classifica settimanale WK 50 (dal 2016-12-09 al 2016-12-15)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 21. mars 2019. 
  18. «NZ Heatseekers Albums Chart». Recorded Music NZ. 19. desember 2016. Henta 21. mars 2019. 
  19. «VG-lista - Topp 40 Album uke 50, 2016». VG-lista. Henta 21. mars 2019. 
  20. "2016-12-16 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21. mars 2019.
  21. «TOP 100 ALBUMES — SEMANA 50: del 09.12.2016 al 15.12.2016» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 21. mars 2019. 
  22. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 21. mars 2019.  Klikk på «Veckans albumlista».
  23. "Neil Young – Peace Trail". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 21. mars 2019.
  24. "2016-12-16 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21. mars 2019.
  25. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard 200 for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 21. mars 2019.