Neil Percival Young,[2] OC,[3] OM[4] (fødd 12. november 1945) er ein kanadisk musikar og låtskrivar som vert rekna som ein av dei viktigaste musikarane i sin generasjon.[5] Young starta solokarrieren sin i Canada i 1960, før han flytta til California i 1966, der han var med på å starte bandet Buffalo Springfield i lag med Stephen Stills. Seinare vart han medlem av Crosby, Stills & Nash som den fjerde medlemmen i 1969. Han la så ut på ei suksessrik og kritikarrost solokarriere. Debutalbumet hans kom ut i 1968 og karrieren hans har sidan gått over 40 år og over 30 album der han har utforska mange forskjellige musikkstilar.[5] Nettsida til Rock and Roll Hall of Fame skildrar Young som «ein av dei største låtskrivarane og musikarane i rock and roll».[6] Han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, først som soloartist i 1995 og sidan som medlem av Buffalo Springfield i 1997.[7]

Neil Young

Young spelar i Oslo i 2009
Fødd12. november 1945 (78 år)
Toronto i Ontario i Canada
FødestadToronto
FødenamnNeil Percival Young
AliasBernard Shakey,[1] Phil Perspective, Shakey Deal, Clyde Coil, Shakey, Joe Yankee,[1] Joe Canuck[1]
OpphavWinnipeg i Manitoba i Canada
Aktiv1960 til i dag
Sjanger
InstrumentGitar, vokal, munnspel, keyboard, piano
Kjende instrument«Old Black»
Gibson 1956 Les Paul Goldtop
Martin D-45
Martin D-28
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Squires, The Mynah Birds, Buffalo Springfield, Crosby, Stills, Nash & Young, Crazy Horse, The Stray Gators, The Stills-Young Band, The Ducks, Northern Lights, Pearl Jam, Booker T. Jones, Phish, Dave Matthews
PlateselskapReprise, Motown, Geffen
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, filmmanuskriptforfattar, regissør
FarScott Young
Gift medPegi Young, Daryl Hannah
Sambuar medCarrie Snodgress
Prisaroffiser av Order of Canada, MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, MTV Video Music Award for Video of the Year, Canadian Music Hall of Fame, Juno Award for Album of the Year, Jack Richardson Producer of the Year Award, Juno Award for Adult Alternative Album of the Year, Grammy Award for Best Boxed or Special Limited Edition Package, Grammy Award for Best Rock Song, Juno Humanitarian Award, Juno Award for Adult Alternative Album of the Year, Juno Award for Artist of the Year, Grammy Hall of Fame Award, Canada’s Walk of Fame, Americana Award for Artist of the Year, Order of Manitoba

Musikken til Young er prega av den særeigne gitarstilen[8][9][10] og den spesielle falsett/tenor-stemma hans.[11][12] Sjølv om han òg spelar andre instrument, som piano og munnspel, er det den elektriske og akustiske gitarspelinga som definerer det varierte, grove og melodiske lydbiletet hans. Young har eksperimentert med forskjellige musikkstilar, som swing og elektronisk musikk, er han mest kjend for akustisk folkemusikk og countryrock, eller forsterka hardrock i samarbeid med bandet Crazy Horse. Young har òg nytta element frå nyare stilar som alternativ rock og grunge. Han har påverka grunge såpass mykje at han har vorte kalla «Gudfaren til grunge».[13]

Young har regissert (eller vore med-regissør) fleire filmar under psevdonymet Bernard Shakey, mellom anna Journey Through the Past (1973), Rust Never Sleeps (1979), Human Highway (1982), Greendale (2003) og CSNY/Déjà Vu (2008).

Young har vore ein frimodig talsperson for miljøsaker og velferda til småbønder, og var i 1985 med på å grunnleggje veldedigheitskonserten Farm Aid. I 1986 var Young med på støtte The Bridge School,[14] ein utdanningsorganisasjon for barn med store verbale eller fysiske funksjonshemmingar, og heldt årleg konsertane Bridge School Benefit i lag med kona Pegi Young. Young har tre born. Sønene Zeke (i lag med skodespelarinna Carrie Snodgress) og Ben som har cerebral parese og dottera Amber Jean. Young bur i dag på ranchen sin i La Honda i California. Sjølv om han har budd nord i California sidan 1970-åra og ofte syng om amerikanske tema, er han framleis kanadisk borgar.[15] 14. juli 2006 fekk Young Order of Manitoba.[4] Den 30. desember 2009 vart han offiser i Order of Canada.[3]

Biografi endre

Tidlege år: 1945–1966 endre

Neil Percival Young vart fødd i Toronto i Canada den 12. november 1945. Faren Scott Young (1918-2005) var journalist og sportsjournalist som seinare vart kjend i Canada for arbeidet sitt, og mora var Edna «Rassy» Young (1918-1990). Dei gifta seg i 1940 i Winnipeg. Neil var nummer to i familien etter Robert «Bob» Young (1942). Ikkje lenger etter Neil vart fødd, flytte familien til den landlege byen Omemee, som Neil seinare skildra som ein «søvnig liten stad».[16] Omemee oppretta seinare Youngtown Museum som ei hyllest til Young.[17] Young fekk diagnosen diabetes som barn,[18] og vart òg råka av polio i 1951.[19] Etter at han vart frisk att reiste familien på ferie til Florida i USA i 1952 og då dei kom attende flytte dei frå Omemee til Toronto, før dei flytta vidare til Pickering, like aust for Toronto. Det var i denne perioden Young starta å verte interessert i popmusikk som han høyrde på radioen.[20] Då Neil var tolv forlét faren, som då hadde hatt fleire utanomekteskaplege forhold, mora og dei skilde seg nokre år seinare i 1960. Neil reiste då med mora tilbake til Winnipeg, medan broren Bob vart verande med faren i Toronto.[21]

På midten av 50-talet, då han var ti eller elleve, vart Young trekt mot fleire musikksjangrar, som rock and roll, rockabilly, doo-wop, R&B, country og vestleg pop.[22] Young har sagt i intervju at han som ung forguda Elvis Presley og prøvde å verte slik som han. Seinare er Elvis nemnd i mange av tekstane hans.[23] Andre tidlege inspirasjonskjelder var Chuck Berry, Little Richard, Fats Domino, The Chantels, The Monotones, Ronnie Self, The Fleetwoods, Jerry Lee Lewis, Johnny Cash og Gogi Grant.[24] Han byrja først å lære seg musikk på ein ukelele av plastikk, før han gjekk over til ein betre ukulele, så ein banjoukulele og ein baritonukulele, alt anna enn ein gitar.[25]

Neil og mora slo seg ned i eit arbeidarklassestrøk i Fort Rouge der den beskjedne og tørrvittige ungdomen starta på Earl Grey Junior High School. Det var her han danna det første bandet sitt, The Jades, og møtte Ken Koblun, som han seinare spelte med i The Squires. På Kelvin High School i Winnipeg spelte han forskjellige instrument i fleire rockeband. Det første stabile bandet hans vart kalla The Squires, med Ken Koblun, Jeff Wuckert og Bill Edmondson. Dei hadde ein lokal hit kalla «The Sultan». Young droppa ut av high school[26] og spelte i Fort William (i dag ein del av byen Thunder Bay i Ontario), der dei spelte inn fleire demoar med den lokale produsenten Ray Dee, som Young kalla «den originale Briggs»[27] Det var her Young først møtte Stephen Stills.

Etter han forlet The Squires arbeidde Neil i viseklubbar i Winnipeg, der han første gong møtte Joni Mitchell.[28] Her skreiv han nokre av dei første og og mest minnerike visesongane sine, som «Sugar Mountain», om tapt ungdom. Mitchell skreiv «The Circle Game» som svar til dette.[29] Winnipeg-bandet The Guess Who (med Randy Bachman som sologitarist) hadde ein hit i Canada med Young sin «Flying on the Ground is Wrong», som var den første store hitten Young hadde som låtskrivar.

I 1965 turnerte Young Canada som soloartist. I 1966, då han var i Toronto, vart han med i Mynah Birds med Rick James som frontmann. Bandet klarte å få platekontrakt med Motown,m en då albumet skulle spelast inn vart James arrestert for tjuvperm frå Naval Reserve.[30] Etter Mynah Birds vart oppløyst, flytte Young og bassisten Bruce Palmer til Los Angeles.

Buffalo Springfield (1967–1968) endre

For meir om dette emnet, sjå Buffalo Springfield.

Då dei kom til Los Angeles møtte Young og Palmer Stephen Stills, Richie Furay og Dewey Martin og i lag danna dei Buffalo Springfield. Det var ei blanding av folk, country, psykedelia og rock med dei to sologitarane til Stills og Young som gjorde Buffalo Springfield atil eit kritikarrost band. Den første plata deira Buffalo Springfield (1967) selde godt etter att Stills sin «For What It's Worth» vart ein hitt med hjelp av den melodiske harmonien frå den elektriske gitaren til Young.

Mistru til leiinga deira, arrestasjonen og deportasjonen av Palmer, samt aukande anspent forhold mellom bandmedlemmene, førte til at Buffalo Springfield vart oppløyst. Det andre albumet deira, Buffalo Springfield Again, kom ut seint i 1967, men to av Young sine tre songar på albumet var solospor som ikkje var spelt inn i lag med resten av gruppa.

På mange måtar var desse tre songane på Buffalo Springfield Again ein forsmak på mykje av dei seinare songane til Young sidan dei alle har djupt personlege tekstar. Dei syner òg tre særs forskjellige tilnærmingsmetodar til arrangementet av det som i røynda er ein original folkesong. «Mr. Soul» er den einaste av Young-songane som alle fem medlemmene spelar i lag på. «Broken Arrow» var ein bekjennande folkrocksong som skulle kome til å karakterisere mykje av det Young seinare skreiv. Young eksperimenterte med produksjonen på songen og det er mange lydeffektar mellom kvart vers. Songen opnar med eit utdrag frå Dewey Martin som syng «Mr. Soul» og vert avslutta med hjarteslag. «Expecting to Fly» var ein fyldig produsert ballade med strykarrangement. Jack Nitzsche kalla dette «symfonisk pop».

I mai 1968 vart bandet oppløyst for godt, men for å fullføre platekontrakten sin, gav dei ut eit siste album, Last Time Around, som hovudsakleg bestod av tidlegare innspelingar. Young medverka med «On the Way Home» og «I Am a Child». I 1997 vart bandet innlemma i Rock & Roll Hall of Fame, men Young deltok ikkje på seremonien.

Crazy Horse & CSNY (1968–1970) endre

For meir om dette emnet, sjå Crosby, Stills, Nash & Young og bandet Crazy Horse.
 
Crosby, Stills, Nash & Young spelar på PNC Arts Center i august 2006.

Etter Buffalo Springfield vart oppløyst, signerte Young ein platekontrakt med Reprise Records, same selskap som venen Joni Mitchell var på, og som han delte manageren Elliot Roberts med. Roberts er framleis manager for Young. Young og Roberts starta så arbeidet på å det første soloalbumet til Young, Neil Young (November 1968), som fekk blanda kritikk. I eit intervju i 1970[31] sa Young at han ikkje syntes noko om albumet, fordi det var «overlessa i staden for velspelt», og at søken etter musikken som uttrykker spontaniteten i augneblinken lenge hadde vore eit trekk i karrieren hans. Likevel inneheld albumet songar som har vore faste innslag på konsertane hans, som «The Loner».

På det neste albumet hans rekrutterte Young tre musikarar frå bandet The Rockets: Danny Whitten på gitar, Billy Talbot på bassgitar og Ralph Molina på trommer. Desse tre tok namnet Crazy Horse (etter den historiske personen med same namn) og Everybody Knows This Is Nowhere (mai 1969), er tilskriven «Neil Young with Crazy Horse». Det vart spelt inn i løpet av berre to veker. Albumet opnar med ein av dei mest kjende songane til Young, «Cinnamon Girl», og er dominert av to andre, «Cowgirl in the Sand» og «Down by the River», som er lange songar der Young verkelge får vise fram dei særeigne gitarsoloane sine. Young skreiv visstnok desse tre songane same dag medan han låg til sengs med feber.[32]

Kort tid etter at Everybody Knows This Is Nowhere kom ut, slo Young seg igjen i saman med Stephen Stills i Crosby, Stills, & Nash, som då alt hadde gjeve ut eit album som ein trio. Young fekk opphavleg berre tilbodet om å vere med som sidemann, men vart først med då han fekk full medlemskap i gruppa som Crosby, Stills, Nash & Young.[33] Kvartetten debuterte i Chicago den 16. august 1969 og seinare på den kjende Woodstock Festival, der Young hoppa over det akustiske settet og nekta å verte filma. Han sa til kameramannen: «One of you fuckin' guys comes near me and I'm gonna fuckin' hit you with my guitar».[34] Under innspelinga av det første albumet deira, Déjà Vu, krangla musikarane mykje, særleg Young og Stills som kjempa om å få kontrollen i bandet. Stills kritiserte Young gjennom det livslange forholdet deira og sa at han «ønskte å spele folkemusikk i eit rockeband».[35] Trass i spaningane var Young sin periode med CSNY den mest kreative og suksessrike perioden til bandet, og medverka òg sterkt til den påfølgjande suksessen Young hadde som soloartist.

«Ohio» vart skriven etter Kent State-massakren den 4. mai 1970 og var eit fast innslag i antikrigs-samlingane i 1970-åra. Songen vart raskt innspelt av CSNY og gjeve ut som singel, sjølv om den andre singelen deira, «Teach Your Children», framleis klatra på listene. Mange meiner at «Ohio» tok kjøparar frå «Teach Your Children» og hindra denne songen frå å nå Topp 10. Seint i 1970-åra og det meste av 1980-åra nekta Young å spele «Ohio» på konsertane sine, sidan han rekna han som utdatert. Etter Tiananmen-massakren i 1989, tok Young igjen songen inn i varmen og tileigna han ofte til dei kinesiske studentane som vart drepne i massakren. Crosby, Stills & Nash, som ein trio, byrja òg å spele songen att kring same tid, sjølv om Young hadde sunge solovokal på den originale innspelinga.

I 1970 gav Young òg ut det tredje soloalbumet sitt, After the Gold Rush (1970), der mellom andre ein ung Nils Lofgren, Stephen Stills og CSNY-bassist Greg Reeves medverka. Young spelte òg nokre songar med Crazy Horse, men forkasta dei tidleg i innspelinga. Med hjelp av det nye ryet han hadde fått med CSNY, vart albumet eit kommersielt gjennombrot for Young og vert i dag rekna som eit av hans beste album. Mellom anna står tittelsporet ut med draumeliknande tekstar som omhandlar alt frå narkotika til mellommenneskelege forhold til miljøspørsmål. Her finst òg den kontroversielle og bitre fordømminga av rasisme i «Southern Man», som i lag med den seinare songen «Alabama», fekk Lynyrd Skynyrd til å rakke ned på Young med namn i teksten til «Sweet Home Alabama». Den respektfulle rivaliseringa og venskapen mellom Young og Skynyrd-frontmannen Ronnie Van Zant vart seinare eit tema på konseptalbumet til Drive-By Truckers Southern Rock Opera frå 2001.

Fjerde soloalbum: Harvest (1971–1972) endre

Då CSNY vart oppløyst og Crazy Horse signerte sin eigen platekontrakt, starta Young 1971 med ein soloturne kalla «Journey Through the Past». Seinare rekrutterte han eit nytt countryband som han kalla The Stray Gators for å spele inn mykje av dei nye songane han hadde spelt på turneen. Desse vart til albumet Harvest (1972). Harvest vart ein massiv hit og «Heart of Gold» gjekk heilt til topps i USA. Det er den einaste førsteplassen han har i USA i den lange karrieren sin.

Ein annan song verdt å nemne er «The Needle and the Damage Done», ein mørk sørgjesong om smerten heroinavhengigheit fører med seg. Dette var inspirert av den tunge heroinbruken til Crazy Horse-medlemmen Danny Whitten, som til slutt døydde av ein overdose.[36][37]

Suksessen til albumet kom brått på Young og den første reaksjonen hans var å trekkje seg unna det å vere stjerne. I dei handskrivne notatane som følgde samleplata Decade skriv han om «Heart of Gold» at det var songen som «sette meg midt i vegen. Å reise dit vart snart keisamt, så eg svinga mot grøfta. Det vart ein meir humpete tur, men eg møtte meir interessante folk der».

8. september 1972 fødde skodespelarinna Carrie Snodgress, som han hadde budd saman med, det første barnet til Neil Young. Guten, Zeke, fekk seinare diagnosen cerebral parese. Young vart forelska i Snodgress etter å ha sett ho i filmen Diary of a Mad Housewife på fjernsyn. Young skreiv òg songen «A Man Needs a Maid» på Harvest om ho, med teksten «I fell in love with the actress/she was playing a part that I could understand».

Grøftetriologien (1972–1974) endre

Sjølv om det vart planlagt ein ny turne til å følgje opp suksessen med Harvest, vart det klart under øvingane at Danny Whitten ikkje fungerte på grunn av naroktikamisbruket hans. Den 18. november 1972, kort tid etter han vart sparka frå turneen, vart Whitten funnen død av ein overdose. Young skildra hendinga til Cameron Crowe i Rolling Stone i 1975:[38] «[Vi] øvde i lag med han og han klarte det berre ikkje. Han hugsa ingenting. Han var heilt ute av det. Heilt borte. Eg måtte be han om å reise attende til L.A. 'Det kjem ikkje til å skje. Du heng ikkje saman'. Han svarte berre, 'Eg har ingen stader å gå. Korleis skal eg fortelje det til venene mine?' og han drog. Den kvelden ringte likskodemannen meg og sa at han hadde teke ein overdose. Eg vart heilt sjokkert. Eg var glad i Danny. Eg følte eg var ansvarleg, og frå der måtte eg dra rett på denne svære turneen på store arenaer. Eg var særs nervøs og ... usikker.»

Albumet som vart laga i etterkant av hendinga, Time Fades Away (1973), har ofte av Young vorte skildra som «det albumet eg likar minst», og det er faktisk det einaste av dei tidlege platene til Young som enno ikkje offisielt er gjeven ut på CD. Det andre er filmmusikkalbumet Journey Through the Past. Albumet vart spelt inn live i løpet av turneen der Young strevde med stemma si og bad David Crosby og Graham Nash om hjelp til å framføre musikken. På turneen var Linda Ronstadt oppvarmingsartist. Time Fades Away er den første av tre album av Young som vert omtalt som «Ditch Trilogy» eller «Grøftetriologien».

Det siste halve året av 1973 danna Young The Santa Monica Flyers med rytmeseksjonen i Crazy Horse og Nils Lofgren på gitar. Han var djupt påverka av dødsfalla til Whitten og roadien Bruce Berry og spelte inn Tonight's the Night. Den mørke tonen og råskapen på albumet gjorde at Reprise utsette utgjevinga og Young måtte presse dei i to år før dei til slutt gav det ut.[39] Det fekk blanda kritikk då det kom ut, men vert i dag rekna som ein milepåle. I følgje Young sjølv var det det næraste han nokon gong kom kunst.[40]

Medan plateselskapet utsette utgjevinga av Tonight's the Night, spelte Young inn On the Beach (1974), som omhandla tema om baksidene med å vere kjendis og livsstilen i California. Som Time Fades Away og Tonight's the Night selde det dårleg, men har med tida vorte ein kritikarfavoritt med nokre av dei mest originale songane til Young. Ei melding av 2003 utgjevinga av On the Beach på CD, skildra musikken som «trollbindande, opprivande, glødande og slørete».[41]

Tilbake i rampelyset (1975–1979) endre

Etter å ha gjort ferdig On the Beach slo Young seg saman med Harvest-produsenten Elliot Mazer for å spele inn eit nytt akustisk album, Homegrown. Dei fleste av songane vart skriven etter at forholdet mellom Young og Snodgress tok slutt, så tonen på albumet er noko mørk. Sjølv om albumet var nesten heilt ferdig, valde Young å droppe albumet og heller gje ut Tonight's the Night, etter at The Band-bassisten Rick Danko føreslo dette.[42] Young forklarte dette sidan: «Det var litt for personleg...det skremde meg».[42]

 
Young i Austin i Texas den 9. november 1976.

Young henta attende Crazy Horse med Frank Sampedro på gitar som akkompagnement på albumet Zuma (1975). Mange av songane omhandlar mislukka forhold, og sjølv den episke «Cortez the Killer», ein song om den spanske erobringa av Mexico sett frå aztekarane sitt synspunkt, kan sjåast som ein allegori for tapt kjærleik. Året etter gjekk Young saman med Stephen Stills for albumet Long May You Run (1976), tilskriven The Stills-Young Band. Young forlét den påfølgjande turneen midtvegs og sendte Stills eit telegram som sa: «Rart korleis noko som startar spontant òg endar slik. Et ein fersken, Neil»[43]

 
The Last Waltz, Young (til venstre for mikrofonen) spelar med Bob Dylan og The Band, blant andre i 1976.

I 1976 spelte Young med Bob Dylan, Joni Mitchell og fleire andre rockeartistar på konserten The Last Waltz, den siste konserten til The Band. Konsertfilmen til Martin Scorsese vart utsett då Scorsese motvillig klippa om eit klipp der ein tydleg kunne sjå ein klump kokain under nasa til Young under framføringa hans av «Helpless».[44]

Albumet American Stars 'N Bars (1977) inneheldt songar som opphavleg var meint for albumet Homegrown, «Homegrown» og «Star of Bethlehem», samt nyare songar, som den framtidige konsertfavoritten «Like a Hurricane». Av artistar på albumet finn ein Linda Ronstadt, Emmylou Harris og Young-protesjéen Nicolette Larson i lag med Crazy Horse. I 1977 gav Young òg ut samleplata Decade: ei personleg utvald oppsummering av dei første ti åra av karrieren hans med eit par songar som ikkje var gjeven ut tidlegare. Comes a Time (1978) med Nicolette Larson og Crazy Horse vart eit av dei mest kommersielt tilgjengelege albuma til Young på ei stund der han vendte tilbake til folkemusikkrøtene sine. I 1978 vart det meste av filminga for filmen Human Highway gjort. I løpet av fire år brukte Young $3 000 000 av sine eigne pengar på produksjonen. Dette markerte òg byrjinga på det korte samarbeidet med bandet Devo.[45]

Young sette så ut på den lange «Rust Never Sleeps»-turneen, der kvar konsert var delt mellom eit akustisk sett med berre Young på scenen, og eit elektrisk sett med Crazy Horse. Mykje av det elektriske settet var sidan sett på som eit svar til den gryande punkrockbølgja. «Hey Hey, My My (Into the Black)» samanlikna den allmenne oppfatninga av Johnny Rotten med den nyleg avdøde Elvis Presley, som ein gong sjølv hadde vorte kritisert for å ha farleg påverknad på ungdomen før han vart eit popikon. Rotten gjengjeldte tenesta med å spele ei av platene til Young på eit radioshow i London. To album med opptak frå turneen følgde, Rust Never Sleeps med nytt materiale frå konsertane pluss ekstra lydspor frå studio, og konsertalbumet Live Rust, som var ei blanding av gamle og nye songar. Studioplata hadde dei akustiske solosongane på eine sida, og dei meir aggressive, elektriske songane på den andre sida. Ein filmversjon av konsertane, òg kalla Rust Never Sleeps (1979), vart regissert av Young under psevdonymet Bernard Shakey. Young arbeidde med rockeartisten Jim Evans for å skape ein filmplakat for filmen ved hjelp av Jawaer frå Star Wars som tema.

Young var brått relevant igjen og lesarar og kritikarar av Rolling Stone stemde han fram som årets artist i 1979 (i lag med The Who), og valde Rust Never Sleeps som årets album. Village Voice kåra derimot Young som tiårets artist.

Eksperimentelle år (1980-åra) endre

1980-åra var ofte ei vanskeleg tid for Young, både personleg og profesjonelt. På starten av tiåret var han oppteken med den andre handikappa sonen sin, Ben, og Young hadde lita tid til å skrive songar eller arbeide i studio.[46] Etter å ha skrive ledsagande musikk til ein biografisk film om Hunter S. Thompson kalla Where the Buffalo Roam gav Young ut Hawks & Doves, eit kort album som var ei sampling av innspelingar i perioden tilbake til 1974.[46] Re-ac-tor frå 1981 var eit elektrisk album spelt inn med Crazy Horse. Dette inneheldt òg songar spelt inn i 1970-åra.[47] Young turnerte ikkje etter nokre av desse albuma, han spelte berre ein konsert, på Bread and Roses Festival i Berkeley i 1980,[48] mellom turneen med Crazy Horse i 1978 og Trans Band-turneen i midten av 1982.

Albumet Trans frå 1982 inneheldt vocoderar, synthesizerar og elektroniske rytmar, og var det første albumet til Young på det nye selskapet Geffen Records (på den tida distribuert av Warner Bros. Records) og representerte ein heil ny stilmessig retning. Young har seinare fortalt at inspirasjonen for albumet var temaet teknologi og kommunikasjon med sonen Ben, som har alvorleg cerebral parese og ikkje kan snakke.[49] Ein omfattande turne følgde albumet og vart dokumentert med videoen Neil Young in Berlin, som kom ut i 1986.

Det neste albumet til Young, Everybody's Rockin' i 1983, inneheld fleire rockabilly-songar og er mindre enn 25 minuttar langt. Young vart akkompagnert av the Shocking Pinks for den påfølgjande turneen i USA. Sidan Trans mangla kommersiell musikk hadde leiaren for plateselskapet, David Geffen, alt vorte arg og då Everybody's Rockin' følgde berre månader seinare, saksøkte Geffen Records Young for å lage musikk som ikkje høyrdest ut som Neil Young.[50] Dette var òg det første albumet der Young lagde musikkvideoar av songane på albumet. Tim Pope regisserte videoar for «Wonderin'» og «Cry, Cry, Cry». I 1983 hadde òg komedien Human Highway premiere. Denne var delvis regissert og skriven av Young og hadde Young og medlemmer av Devo i rollene.

1984 var det første året utan eit nytt Neil Young-album sidan starten på karrieren hans med Buffalo Springfield i 1966. Dette kom hovudsakleg av striden med Geffen, men han var òg frustrert over at selskapet hadde avvist countryalbumet Old Ways i 1982.[51] Dette var òg året då det tredje barnet til Young, med den andre kona hans Pegi, vart fødd, dottera Amber Jean. Ho vart seinare diagnostisert med epilepsi. Young brukte det meste av 1984 og heile 1985 på turne med Old Ways og countrybandet hans the International Harvesters. Albumet kom ut i ei noko anna form halvvegs ut i 1985. Young spelte på Live Aid-konserten i Philadelphia i 1985 i lag med Crosby, Stills og Nash. Dette var første gongen kvartetten spelte i lag føre eit publikum på over ti år.

Dei to siste albuma for Geffen var meir konvensjonelle, men hadde òg produksjonsteknikkar som synthesisarar og trommelydar som elles var uvanleg i musikken til Young. I 1986 kom Landing on Water utan Crazy Horse, men han gjenforeinte bandet for den påfølgjande turneen og det siste albumet på Geffen, Life, som kom i 1987. Salstala for albuma til Young fall gradvis gjennom 80-åra. I dag står Life som det minst suksessrike albumet hans nokon gong, og det har berre seld om lag 400 000 på verdsbasis.[52]

Young gjekk attende til det gamle selskapet sitt, Reprise Records, og heldt fram kontinuerleg turneverksemd. Han samla saman eit bluesband kalla The Bluenotes midtvegs i 1987 (ein rettsleg strid med musikaren Harold Melvin tvinga han til å omdøype bandet til Ten Men Working halvvegs gjennom turneen). Young nytta blåseinstrument for å få ein meir jazz-aktig lyd og tittelsporet på This Note's For You frå 1988 vart den første hitsingelen hans dette tiåret. I lag med ein video som parodierte korporativ rock, kravet om reklame og Michael Jackson, vart songen første uoffisielt bannlyst av MTV for negativ omtale av nokre av sponsorane deira. Young skreiv eit ope brev: «Kva står M'en i MTV for: musikk eller pengar (music or money)». Trass i dette vart videoen etter kvart kåra til årets beste video av MTV i 1989.[53] Til samanlikning sendte den store musikkanalen i heimlandet, Muchmusic, videoen heile tida.

Young slo seg saman med Crosby, Stills og Nash igjen for å spele inn albumet American Dream i 1988 og spelte to veldedigheitskonsertar seinare det året, men gruppa la ikkje ut på turne. Albumet var det andre studioalbumet dei hadde spelt inn i lag som ein kvartett nokon gong.

Nok ein gong tilbake i rampelyset (1990-åra) endre

 
Young spelar i 1996 i Åbo i Finland

Singelen «Rockin' in the Free World» frå 1989 nådde andreplassen i USA og det påfølgjande albumet Freedom, skaut han rett til topps igjen etter eit tiår med vanskelege eksperiment. Teksten på albumet var ofte opent politisk; «Rockin' in the Free World» omhandlar heimløyse, terrorisme og miljøproblem, og kritiserer implisitt regjeringspolitikken til president George H.W. Bush.[54]

Han nytta mykje feedback og forvrenging på fleire av songane på Freedom, på liknande måte som Rust Never Sleeps og dette peikte framover mot den gryande grunge-bølgja. Dei komande stjernene innan sjangeren, som Kurt Cobain i Nirvana og Eddie Vedder i Pearl Jam, har ofte omtalt Young som ei stor inspirasjonskjelde, og dette medverka til at Young igjen vart populær. Eit hyllestalbum kalla The Bridge: A Tribute to Neil Young kom ut i 1989, med artistar som Sonic Youth, Nick Cave, Soul Asylum, Dinosaur Jr og the Pixies.

Albumet Ragged Glory i 1990 vart spelt inn med Crazy Horse i ein låve på ranchen hans i Nord-California, og heldt fram stilen med tunge gitarar. Young turnerte etter albumet med Orange County, countrypunkbandet Social Distortion og Sonic Youth som oppvarmarar, noko som sjokkerte dei eldre tilhengjarane hans.[55] Det doble konsertalbumet Weld dokumenterte turneen og kom ut i 1991.[55] Påverknaden frå Sonic Youth kom mest tydeleg fram på Arc, som var ein 35 minutt lang collage av feedback og støy som var klipt saman frå songane på turneen. Albumet vart til etter forslag frå Thurston Moore i Sonic Youth og kom opphavleg ut i lag med enkelte utgåver av Weld.[55]

Harvest Moon i 1992 markerte ein brå tilbakegang til country- og folkrockstilen frå Harvest og gjenforeinte han med musikarane frå det albumet, inkluderte songarane Linda Ronstadt og James Taylor. Tittelsporet vart ein liten hit og albumet fekk god kritikk. Young medverka òg til Randy Bachman sin nostalgiske melodi «Prairie Town» i 1992, og i 1993 vart han nominert til Oscarprisen for songen «Philadelphia» frå filmmusikken til Jonathan Demme-filmen med same namn. Eit MTV Unplugged-album kom ut i 1993. Seinare same året samarbeidde Young med Booker T. og the MGs for ein sommarturne i Europa og Nord-Amerika. Somme av dei euroepiske konsertane enda med ei utgåve av «Rockin' in the Free World» spelt i lag med Pearl Jam.

I 1994 gjekk Young igjen i studio med Crazy Horse for Sleeps with Angels. Albumet har ei mørk og trist stemning inspirert av dødsfallet til Kurt Cobain tidlegare det året. Særleg tittelsporet omhandla livet og dødsfallet til Cobain, utan at han var nemnt med namn. Cobain hadde sitert teksten til Young, «It's better to burn out than fade away» (Det er betre å brenne ut enn å svinne hen, ei tekstlinje frå «My My, Hey Hey (Out of the Blue)») i avskjedsbrevet sitt. Dette fekk Young til å legge vekt på linja «'cause once you're gone you can't come back» (for når du først er borte, kan du ikkje kome attende). Young hadde visstnok prøvt å kontakte Cobain fleire gonger før han døydde.[56] Young var framleis involvert i grunge-miljøet og tok kontakt med Pearl Jam i 1995 for albumet Mirror Ball, som vart spelt inn live i studio, og ein turne i Europa med bandet. I 1995 vart Young innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som soloartist, der han vart presentert av Eddie Vedder.

Den neste samarbeidspartnaren til Young var filmskaparen Jim Jarmusch, som bad Young om å lage musikk til westernfilmen Dead Man i 1995. Den instrumentale filmmusikken vart improvisert fram av Young samstundes med at han såg på filmen aleine i studio. Då mentoren, venen og produsenten gjennom alle år David Briggs døydde seint i 1995, tok Young igjen kontakt med Crazy Horse og spelte inn albumet Broken Arrow. Jarmusch filma den på følgjande turneen og dette kom ut som ein konsertfilm og eit album kalla Year of the Horse i 1997. Frå 1996–97 turnerte Young og Crazy Horse særs mykje i Europa og Nord-Amerika.

I 1998 samarbeidde Young med rockebandet Phish, og dei delte scene på den årlege Farm Aid-konserten og Bridge School Benefit.[57] Phish takka seinare nei til invitasjonen frå Young om å vere bandet hans på ein turne i Nord-Amerika i 1999.

Tiåret enda med albumet Looking Forward seint i 1999, som vart spelt inn i lag med Crosby, Stills og Nash. Den påfølgjande turneen i USA og Canada gav dei ei inntekt på $42,1 millionar, noko som var den åttande mest innbringande turneen i 2000.

Fornya aktivisme og nær døden (2000-åra) endre

Neil Young heldt fram å gje ut nytt materiale i høgt tempo gjennom første del av det nye tusenåret. Studioalbumet Silver & Gold og konsertalbumet Road Rock Vol. 1 kom ut i 2000 og begge kom ut i lag med konsertfilmar. Singelen «Let's Roll» i 2001 var ei hyllest til offera etter 11. september-åtaket og handlinga til passasjerane og mannskapet på Flight 93.[58] På veldedighetskonserten «America: A Tribute to Heroes» for offera etter konserten, spelte Young John Lennon sin «Imagine» og så i lag med Eddie Vedder og Mike McCready på songen «Long Road», som Pearl Jam skreiv med Young under Mirrorball-innspelinga. «Let's Roll» kom ut på Are You Passionate? frå 2002, eit album som hovudsakleg bestod av kjærleikssongar tileigna kona til Young, Pegi.

I 2003 gav Young ut Greendale, eit konseptalbum spelt inn med Crazy Horse-medlemmene Billy Talbot og Ralph Molina. Songane er laust basert på eit mord på ein politibetjent i ein liten by i Californa og effekten dette har på innbyggjarane i byen.[59] Young, under psevdonymet «Bernard Shakey» regisserte ein film med same namn, der skodespelarane mimar til musikken frå albumet. Young turnere mykje med songane frå Greendale gjennom 2003 og 2004, den første akustiske soloturneen hans i Europa. Seinare spelte han albumet med fullt band i Nord-Amerika, Japan og Australia. Young starta å nytte biodiesel under Greendale-turneen i 2004, og nytta dette i lastebilane og turnebussane sine. «Greendale-turneen vår er no ozon-venleg», sa Young, «Eg planlegg å halde fram å nytte dette drivstoffet framover for å vise at det er mogeleg å lever varer overalt i Nord-Amerika utan å nytte olje frå utlandet, og samstundes vere miljømedviten.»[60] Young brukte siste halvdel av 2004 på ei rekkje intime akustiske gitarar i forskjellige byar med kona si, som både syng og spelar gitar.

I mars 2005, medan han arbeidde på albumet Prairie Wind i Nashville, fekk Young diagnosen hjerneaneurisme. Han fekk neuroradiologisk behanding i New York den 29. mars.[61] To dagar seinare fall Young om i ei gate i New York på grunn av bløding frå ei lårbeinsarterie, som kirurgane hadde nytta for å nå aneurismen.[62] Dette tvinga Young til å avlyse framføringa på Juno Awards i Winnipeg, men berre månadar seinare stod han igjen på scenen under avsluttinga av Live 8-konserten i Barrie i Ontario den 2. juli. Under konserten spelte han ein ny song, ein roleg ballade kalla «When God Made Me». Young si nær-døden oppleving påverka temaa på Prairie Wind som det å sjå tilbake på livet sitt og døden.[63] Første gongen albumet vart framført live vart det filma av Jonathan Demme og gjeve ut som filmen Neil Young: Heart of Gold i 2006.

Den fornya aktivismen til Young kom til syne på albumet Living With War i 2006, som vart innspelt i all hast og gjeve ut på mindre enn ein månad.[64] Dei politiske songane på albumet tok skarpt til motmæle mot president George W. Bush og Irak-krigen.[65] Albumet inneheld den provoserande songen «Let's Impeach the President» (Lat oss anklage presidenten). Crosby, Stills, Nash & Young kom saman igjen for «Freedom Of Speech Tour '06». Konsertfilmen CSNY Déjà Vu vart regissert av Young og gjeven ut i 2008, i lag med eit konsertalbum.

Sjølv om Young aldri har vore framand for øko-venlege tekstar og miljøtema, har aktivismen vorte stadig viktigare i arbeidet hans gjennom 1990- og 2000-åra, særleg på Greendale[66] og Living With War.[67] Trenden heldt fram i 2007 med Chrome Dreams II, med tekstar som utforska det personlege økosynet til Young.[68] I 2008 avslørte Young det nyaste prosjektet sitt, ein hybridmotorisert Lincoln frå 1959 kalla Lincvolt.[69] Eit nytt album, som var laust basert på Lincvolt-prosjektet, Fork in the Road, kom ut i april 2009.[70]

Ein konsertfilm av Jonathan Demme frå ein konsert i 2007 i Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, kalla Neil Young Trunk Show hadde premiere den 21. mars 2009 på South by Southwest (SXSW) filmefestival i Austin i Texas. Filmen vart òg vist på Cannes Film Festival 17. mai 2009 og så gjeven ut i USA i mars 2010.[71] to critical acclaim.[72][73][74]

 
Young spelar i Köln i Tyskland i 2009.

Young medverka på albumet Potato Hole, frå 2009 med organisten Booker T. Jones frå Booker T. & the MG's. Young spelar gitar på ni av ti instrumentalspor på albumet, i lag med Drive-By Truckers, som alt har tre gitaristar. På nokre av songane er det derfor fire gitarar.

Young dreiv framleis omfattande turneverksemd. I 2009 var han ein av hovudartistane på Glastonbury Festival i Storbritannia.[75] Her kom Paul McCartney på scenen for songen «A Day in the Life».

Nye framføringar (2010-åra) endre

22. januar 2010 framførte «Long May You Run» på den siste episoden av The Tonight Show with Conan O'Brien. Same kveld spelte han og Dave Matthews Hank Williams-songen «Alone and Forsaken», for Hope for Haiti Now: A Global Benefit for Earthquake Relief, etter Jordskjelvet i Haiti 2010. Young framførte «Long May You Run» under avslutningsseremonien til Vinter-OL 2010 i Vancouver. I mai 2010 kom det melding om at Neil Young arbeidde på eit nytt album produsert av Daniel Lanois. Dette vart avslørt av David Crosby, som sa at albumet vil «verte særs hjarteleg. Eg trur det vert eit særs spesielt album.»[76] Den 18. mai 2010 la Young ut på ein soloturne i Nord-Amerika for å reklamere for det komande albumet Le Noise, der han spelte ei blanding av gamle og nye songar. Sjølv om det vart kalla ein akustisk soloturne, spelte Young òg elektrisk gitar på fleire av songane.[77]

I september 2011 kom den tredje dokumentarfilmen til Jonathan Demme om Young, Neil Young Journeys, som hadde premiere på Toronto International Film Festival.[78] Som dei fleste tidlegare arbeida til Demme bestod filmen hovudsakleg av ein filma konsert, denne gongen ein konsert frå mai 2011 i Massey Hall i Toronto, fire tiår etter at Young første gongen spelte her. Han spelte gamle songar, samt nye songar frå Le Noise, solo på både elektriske og akustiske instrument.

Neil Young and Crazy Horse spelte ein grunge-versjon av Beatles-songen «I Saw Her Standing There» for Paul McCartney sin MusiCares Person of the Year-middag den 10. februar 2012 i Hollywood.[79]

Neil Young & Crazy Horse gav ut albumet Americana den 5. juni 2012. Dette var det første samarbeidet til Young med Crazy Horse sidan Greendale-albumet og turneen i 2003 og 2004. Albumet inneheld nasjonale hymner som «This Land Is Your Land» og «Clementine»[80] På seinsommaren og hausten 2012 la Neil Young og Crazy Horse ut på turné, den første dei hadde i lag på åtte år. I oktober 2012 er det venta eit nytt album av Neil Young & Crazy Horse kalla Psychedelic Pill. Det vil kome ut på ein dobbel-CD, trippel vinyl og blu-ray fordi songane er for lange til å passe inn på kortare format.

Arkiv-prosjektet endre

Så langt tilbake som i 1988 snakka Young om å samle songane han ikkje hadde gjeve ut før og mastre heile katalogen sin på ny. Den første utgåva, The Archives Vol. 1 1963-1972, kom først ut 2. juni 2009.

Tre framsyningar frå Performance Series i arkivet vart gjeven ut individuelt før The Archives Vol. 1. Live at the Fillmore East, eit utval av songar frå ein konsert i 1970 med Crazy Horse, som kom ut i 2006. Live at Massey Hall 1971, var ein akustisk solokonsert frå Toronto og kom ut i 2007. Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968, var ein tidleg solokonsert, og kronologisk sett den første i konsertserien. Denne kom ut seint i 2008.

Prisar og ettermæle endre

Som ein av dei opphavlege grunnleggjarane av Farm Aid, er han eit aktivt medlem i styret. Ei helg kvar oktober i Mountain View i California, held han og kona Bridge School-konsertane, som har trekt til seg internasjonale talent og utselde konsertsalar i nesten to tiår med nokre av dei største namna i rocken, som Tom Petty and the Heartbreakers, Bruce Springsteen, David Bowie, The Who, Red Hot Chili Peppers, Trent Reznor frå Nine Inch Nails, Tom Waits, Metallica, Pearl Jam, Sonic Youth, The Smashing Pumpkins og Sir Paul McCartney og Dave Matthews. Konsertane er til stønad for Bridge School, som utviklar og nyttar avansert teknologi for å hjelpe handikappa born.

Young vart nominert til Oscarprisen i 1994 for songen «Philadelphia» frå filmen Philadelphia. Bruce Springsteen vann prisen for songen sin «Streets of Philadelphia» frå same film. I takketalen sin sa Springsteen «denne prisen burde verkeleg vorte delt med ein annan nominert». Same kvelden vann Tom Hanks prisen for beste skodespelar og takka songen «Philadelphia» for inspirasjon.

Young har to gonger motteke æresdoktortitlar. Han vart æresdoktor i musikk ved Lakehead University i Thunder Bay i 1992 og på San Francisco State University i 2006. Sistnemnde fekk han i lag med kona Pegi for å ha skipa Bridge School. I 2006 fekk Young den høgaste sivile ærestittelen i Manitoba, Order of Manitoba. I 2009 fekk han den høgaste ærestittelen ein kan få i Canada, Order of Canada.

Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte i 2000 Young på 34. plass på lista si over dei 500 største artistane gjennom tidene,[81] og i 2003 hadde dei fem av albuma hans på lista si over dei 500 største albuma gjennom tidene.[82] I 2000 vart Young innlemma i Canada's Walk of Fame.[83] I 2006 sette magasinet Paste opp ei liste over dei største låtskrivarane gjennom tidene, og Young hamna på andreplass bak Bob Dylan. Same året vart han rangert på 39. plass på VH1 si liste over dei 100 største hardrockartistane.

Samfunnsengasjementet til Young og dei politiske tekstane hans har påverka mange artistar, som Blind Melon, Phish, Pearl Jam og Nirvana. Young vert kalla «gudfaren for grunge», sidan han påverka Kurt Cobain og Eddie Vedder og heile grunge-miljøet. Eddie Vedder frå Pearl Jam heldt talen då Young vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995, og omtalte han som ei stor inspirasjonskjelde. Young er omtalt som ei viktig inspirasjonskjelde for eksperimentelle rockeartistar som Sonic Youth og Thom Yorke frå Radiohead.

Då Dylan spelte i Winnipeg i november 2008 vitja han den tidlegare heimen til Young i River Heights, der Young levde i tenåra. Dylan ønskte å sjå rommet der Young skreiv dei første songane sine.

Jason Bond, ein biolog ved East Carolina University, oppdaga ein ny edderkoppart i 2007 og kalla han Myrmekiaphila neilyoungi etter Young,[84]

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Neil Young.
Sjå òg diskografiane til Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Charlie Rose video: "Neil Young."
  2. McDonough, Jimmy (2002) s. 37
  3. 3,0 3,1 «Governor General Announces 57 New Appointments to the Order of Canada». Office of the Secretary to the Governor General. 30. desember 2009. Henta 19. oktober 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Lieutenant Governor's Awards». Lieutenant Governors office of Manitoba. 2009. Henta 19. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 [1] Neil Young. Thomas Erlewine, Stephen. allmusic.
  6. rockhall.com - Neil Young - Biography. Henta 19. oktober 2010.
  7. «Rock and Roll Hall of Fame inductee-list». The Rock and Roll Hall of Fame og Museum. 2009. Henta 19. oktober 2010. 
  8. «Neil Young's Passionate Gitar Playing Sparks Rock Arena». Los Angeles Daily News. 14. september 1993. 
  9. Brinn, David (30. mai 2006). «Disc Reviews». Jerusalem Post. Henta 19. oktober 2010. 
  10. Surkamp, David (15. september 1992). «Internal Fire From Neil Young Lights The Stage». St. Louis Post-Dispatch. s. 4D. 
  11. Miller, Edward (2003). «The Nonsensical Truth of the Falsetto Voice: Listening to Sigur Rós». Popular Musicology Online. ISSN 1357-0951. Henta 19. oktober 2010. 
  12. Sinclair, Scott (4. april 2009). «Neil Young - Fork In The Road». Popular Musicology Online. Arkivert frå originalen 25. september 2012. Henta 19. oktober 2010. 
  13. Echard, William (2005). Neil Young og the Poetics of Energy. Indiana University Press. s. 43. ISBN 9780253217684. 
  14. Welcome to The Bridge School
  15. «Resurrection of Neil Young, Continued». Time. 28. september 2005. Arkivert frå originalen 14. november 2012. Henta 20. mai 2010. 
  16. McDonough 2002. s. 22-42.
  17. Youngtown Rock and Roll Museum
  18. Neil Young Biography – Discography, Music, Lyrics, Album, CD, Career, Famous Works og Awards>
  19. McDonough 2002. s. 44.
  20. McDonough 2002. p. 46-54.
  21. McDonough 2002. s. 55-68.
  22. McDonough 2002. s. 50-51.
  23. Ostrosser, David. "Neil Young Interview on Gitars." Gitare & Claviers Magazine. Neil Young News, 17 april 1992
  24. McDonough 2002. s. 52-53.
  25. McDonough 2002. s. 58-59.
  26. McDonough, Jimmy (2002) s. 103
  27. McDonough, Jimmy (2002) s. 105
  28. McDonough, Jimmy (2002) s. 96
  29. «Neil Young Collaborations». Thrasher's Wheat. Henta 19. oktober 2010. 
  30. McDonough, Jimmy (2002) s. 139
  31. «Neil Young – MiniBio». Canadian Content. 2008. Henta 19. oktober 2010. 
  32. Rogan, Johnny (2000). Neil Young, Zero to Sixty: A Critical Biography. Music Sales Distributed. s. 187. ISBN 0952954044. 
  33. McDonough, Jimmy (2002) s. 313
  34. McDonough, Jimmy (2002) s. 318–320
  35. McDonough, Jimmy (2002), s. 324
  36. Williamson, s. 42.
  37. Taylor s. 279.
  38. Neil Young: The RS Interview, arkivert frå originalen 13. april 2009, henta 19. oktober 2010 
  39. McDonough, Jimmy (2002) s. 430
  40. McDonough, Jimmy (2002) s. 433
  41. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. april 2004, henta 19. oktober 2010 
  42. 42,0 42,1 McDonough, Jimmy (2002) s. 469
  43. McDonough, Jimmy (2002) p. 502
  44. Exclaim! Canada's Music Authority
  45. Jimmy McDonough, Shakey, Anchor Books, 2002, s.575-7
  46. 46,0 46,1 «Hawks & Doves Review». allmusic. Henta 21. oktober 2010. 
  47. «Reactor Review». allmusic. Henta 21. oktober 2010. 
  48. «Neil Young Setlists: 1980». Sugar Mountain. Arkivert frå originalen 22. august 2008. Henta 21. oktober 2010. 
  49. «Trans Review». allmusic. Henta 21. oktober 2010. 
  50. Cavallo, Dominick (1999). A fiction of the past: the sixties in American history. New York: St. Martin's Press. ISBN 031221930X. OCLC 39981636. 
  51. «Old Ways album review». allmusic. Henta 21. oktober 2010. 
  52. I juni 2008 «Neil Young Worldwide Album Sales Estimates». June 14, 2008. Henta 21. oktober 2010. 
  53. Shakey: Neil Young's Biography By James McDonough, Jimmy McDonough. Pages 24–32 Henta 21. oktober 2010.
  54. «Neil Young Lyrics Analysis: Rockin' in the Free World». www.thrasherswheat.org. Henta 21. oktober 2010. 
  55. 55,0 55,1 55,2 «Sonic Youth og Neil Young». Thrasher's Wheat – A Neil Young Archives. Henta 21. oktober 2010. 
  56. «Neil Young: the quiet achiever». The Sydney Morning Herald. 11. mai 2002. Henta 21. oktober 2010. 
  57. Hyperrust: Bridge Benefit XII
  58. Weeks, Linton (December 16, 2001). «Flight 93's Beamer inspires song by Neil Young». Pittsburgh Post-Gazette. Henta 21. oktober 2010. 
  59. «Greendale Review». The Music Box. November 2003. Henta 21. oktober 2010. 
  60. [2]
  61. «Neil Young treated for 'dangerous' aneurysm». CNN.com. april 1, 2005. Henta 21. oktober 2010. 
  62. «The Resurrection of Neil Young». Time. september 26, 2005. Arkivert frå originalen 14. november 2012. Henta 21. oktober 2010. 
  63. «Prairie Wind Music Review». Rolling Stone. oktober 6, 2005. Arkivert frå originalen 24. april 2009. Henta 21. oktober 2010. 
  64. «Living With War Review». allmusic. May 9, 2006. Henta 21. oktober 2010. 
  65. «Living With War Review». Rolling Stone. mai 1, 2006. Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 21. oktober 2010. 
  66. «Neil Young Goes Green On the Road». Rolling Stone. februar 27, 2004. Arkivert frå originalen 11. desember 2007. Henta 21. oktober 2010. 
  67. "New Neil Young Video 'After The Garden' Visits 'An Inconvenient Truth'," Marketwire (July 21, 2006).
  68. «Neil Young: Chrome Dreams II». United Methodist Church. Henta 21. oktober 2010. 
  69. «A conversation with Neil Young». Charlie Rose Inc. 17. juli 2008. Arkivert frå originalen 13. oktober 2008. Henta 21. oktober 2010. 
  70. Gill, Andy (27. mars 2009). «Album: Neil Young, Fork in the Road». London: The Independent. Henta 21. oktober 2010. 
  71. «Neil Young Trunk Show. At the Internet Movie Datbase.». 
  72. Hale, Mike (19. mars 2010). «Neil Young Trunk Show. At the New York Times.». The New York Times. Henta 21. oktober 2010. 
  73. Neil Young Trunk Show review (Blast Magazine, 9 mars 2010)
  74. Demme receives Coolidge Award, premiers Trunk Show, arkivert frå originalen 2. november 2010, henta 21. oktober 2010 
  75. «Neil Young keep on rocking in the free world». bbc Glastonbury online. Henta 21. oktober 2010. 
  76. Neil Young working on new album with Bob Dylan and U2 producer. www.nme.com. 4. mai 2010.
  77. Inman, Davis. «Neil Young's Twisted Road tour begins». American Songwriter. Henta 21. oktober 2010. 
  78. TIFF. «2011 Films - Neil Young Journeys». tiff.net. Henta 31. mai 2012. 
  79. Scott Bernstein (February 13, 2012). «Return of Neil Young and Crazy Horse at Macca Tribute». Glide magazine. Henta 31. mai 2012. «Neil Young and Crazy Horse played I Saw Her Standing There at the 2012 MusicCares Person of the Year reception honoring Paul McCartney in Los Angeles.» 
  80. «arkivkopi». Arkivert frå originalen 2. juni 2012. Henta 30. mai 2012. 
  81. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2008, henta 4. mars 2008 
  82. «Greatest Albums of All Time | Rolling Stone Music | Lists». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 22. juni 2013. Henta 21. oktober 2010. 
  83. «Neil Young – 2000 Inductee». Canada's Walk of Fame. Arkivert frå originalen 4. juni 2008. Henta 13. november 2008. 
  84. Jason E. Bond & Norman I. Platnick (2007). «A Taxonomic Review of the Trapdoor Spider Genus Myrmekiaphila (Araneae, Mygalomorphae, Cyrtaucheniidae)» (PDF). American Museum Novitates 3596: 1–30. doi:10.1206/0003-0082(2007)3596+[1:ATROTT]2.0.CO;2. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Neil Young