Rick Rubin

amerikansk musikkprodusent

Frederick Jay Rubin (fødd 10. mars 1963) er ein USA-amerikansk platesjef og plateprodusent. I lag med Russell Simmons skipa han Def Jam Recordings, og skipa sjølv American Recordings, og var tidlegare delt direktør for Columbia Records.

Rick Rubin

Rubin i 2006
Fødd10. mars 1963 (61 år)
FødestadLong Beach i New York i USA
FødenamnFrederick Jay Rubin
AliasDJ Double R, the Loudness King
OpphavLido Beach i New York i USA
AktivSidan 1981
Sjanger
Instrumentgitar, piano, sampler
Plateselskap
Verka somPlateselskap-direktør, plateprodusent

Rubin bidrog til å popularisera hiphop ved å produsera plater for band som Beastie Boys, Geto Boys, Run-DMC, Public Enemy og LL Cool J. Han har òg produsert hitplater for artistar frå ei rekkje andre sjangrar, hovudsakleg heavy metal (Danzig, Metallica og Slayer), alternativ rock (The Cult, Red Hot Chili Peppers, [The Strokes]] og Weezer), hardrock (Audioslave og Aerosmith), nu-metal (Linkin Park, Rage Against the Machine, System of a Down) og country (Johnny Cash og The Chicks).

I 2007 vart Rubin kalla «den viktigaste produsenten dei siste 20 åra» av MTV[1] og vart utnemnt på lista til Time over dei 100 viktigaste personane i verda.[2].

Debutboka hans, The Creative Act: A Way of Being, kom ut i januar 2023[3]

Kjelder

endre
  1. What's Up With That Bearded Guy From The '99 Problems' Video? Arkivert 18. oktober 2015 ved Wayback Machine. - Mtv.com
  2. {«The 2007 TIME 100». Time. Henta 21. oktober 2022. 
  3. «Rick Rubin: Def Jam founder and produsent announces debut book». The Guardian. 11. februar 2022. Henta 23. oktober 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre