Peder Jacobsen

norsk politikar

Peder Nikolai Leier Jacobsen (13. mai 188831. januar 1967) var ein norsk gardbrukar, fiskar og politikar frå Trondenes i Troms, som representerte Arbeidarpartiet i Troms på Stortinget i tida 1945-61.

Peder Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1888
Trondenes kommune
Død

31. januar 1967 (78 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Jacobsen var son til ein småbrukar og fiskar, og var sjølv fiskar frå 14-årsalderen. I 1911 reiste han til USA, der han arbeidde på skipsverft. Han vende heim til Noreg og tok i 1919 over farsgarden Vollstad, som han dreiv i kombinasjon med fiskje og båtbygging. Frå 1923 var han medlem i heradsstyret i Sandtorg. Han var ordførar i Sandtorg frå 1935 til han vart avsett av okkupasjonsmakta i 1941. Våren 1945 kom han tilbake i ordførarsetet, ein posisjon han hadde til 1951.

Ved stortingsvalet i 1945 vart Jacobsen fyrste vararepresentant frå Troms. Då tredjerepresentanten til Troms Arbeidarparti, Søren Berg Moen, vart sjuk straks etter valet, møtte Jacobsen på Stortinget allereie 4. desember 1945. Etter Moen døydde i mai 1946 var Jacobsen fast representant. Ved dei neste tre stortingsvala stod Jacobsen på såkalla sikker plass og hadde sete på Stortinget til 1961. Han var i alle tingåra medlem i Landbrukskomiteen.

Jacobsen var formann i Sør-Troms Arbeidarparti frå 1922 til 1936. Han var medlem av landsstyret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag frå 1951 til 1963, formann frå 1956. Han var også med i ei rekke offentlige komitear og utval.

Kjelder endre