Sandtorg
Sandtorg er ei bygd ved Tjeldsundet i Harstad kommune med ca 300 innbyggjarar. Viktigaste arbeidsstad er Rødskjær industriområde der SIVA driv produksjon av plastbåtar. Ved den over 220 år gamle handelsstaden ligg eit hotell og campingplass. Sandtorg grensar mot fylkesgrensa til Nordland i sør og nabobygda Haukebø i nord.
Sandtorg | |||
stad | |||
Sandtorg ca. 1895
Foto: Thorstein Brændmo | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Harstad | ||
Postnummer | 9430 SANDTORG | ||
Innbyggjarnamn | sandtorging | ||
![]() Sandtorg | |||
Wikimedia Commons: Sandtorg | |||
Sandtorg kommune 1926 - 1964Endra
Sandtorg var tidlegare eigen kommune med Harstad som administrasjonsstad. Kommunen grensa mot byskiljet i nord og fylkesgrensa til Nordland i sør. Han vart oppretta som eigen kommune i 1926, då han vart skilt ut frå Trondenes kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slått saman med Harstad og Trondenes til den nye storkommunen Harstad.[1]
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for tidlegare Sandtorg kommune frå 1930 til 1964:
1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|
4224 | 5072 | 5394 | 7081 | 7512 |
Sandtorg prestegjeldEndra
Sandtorg prestegjeld vart oppretta med eige sokneprestembete i 1956. Sandtorg kyrkje ligg i Sørvik, 20 km nordom bygda Sandborg.
Sandtorg bygdetunEndra
Sandtorg bygdetun ligg ved Sandtorg kyrkje i Sørvik. Bygdetunet er ei samling av lokale bygningar — dei eldste stammar frå 1700-talet.
BakgrunnsstoffEndra
- Sandtorgsidene Arkivert 2005-04-29 ved Wayback Machine.
FotnotarEndra
- ↑ 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå