Peder Fejerskov Kongshaug (fødd 13. august 2001) er ein norsk skeiseløpar, fødd i London. Han vart europameister på 1500 meter i 2024, og fekk OL-gull 2022 og EM-gull 2024 i lagtempo med Noreg.

Peder Kongshaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 2001 (23 år)
Bergen
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Fellesstart menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Lagtempo menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1500 meter menn

Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen vann OL-gull i lagtempo under Vinter-OL 2022. Tidlegare i dei same leikane kom Kongshaug på fjerdeplassen på 1500 meter.

Vinteren 2024 tok Kongshaug gullmedaljen på 1500 meter under EM på skøyter, framom nederlendaren Kjeld Nuis. I den same meisterskapen vann han lagtempo i spann med Sverre Lunde Pedersen og Sander Eitrem, dei sette samstundes ny verdsrekord i øvinga. Under VM i enkeltdistansar 2024 i Calgary, gjekk Kongshaug inn til bronse på 1500 meter og sølv i lagtempo.

Kjelder

endre