Peder Oluf Pedersen

Peder Oluf Pedersen (22. november 185415. januar 1941) var ein arbeidar og politikar frå Kråkerøy i Østfold. Han representerte Høgre-partiet på Stortinget i tida 1903-12.

Peder Oluf Pedersen

Fødd22. november 1854
Halden kommune
Død15. januar 1941 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, kroppsarbeidar
Alle verv

Pedersen var son til ein maskinist. Sjølv byrja han arbeide på sagbruket «Bingesagen» då han var kring 12 år gammal. Frå 1874 til 1913 var han tilsett som filar ved Bjørneby bruk, heilt til bruket brende ned.

I Kråkerøy kommune var han 1901–03 medlem av skulestyret. Gjennom stortingsvalet 1903 kom han inn på Stortinget frå Smaalenene. Han vart attvald til nye periodar i 1906 og 1909, då frå einmannskrinsen Glemminge. På Stortinget var han heile tida medlem i Sosialkomitéen. I Kråkerøy heradsstyre var han ei tid varaordførar.

P.O. Pedersens vei i Fredrikstad har namn etter honom.

Kjelder endre