Pedion tou Areos eller Pedion Areos (gresk Πεδίον του Άρεως eller Πεδίον Άρεως, pronounced [peˈðion tu ˈareos], tyder 'Marka til Ares', tilsvarande fransk Champ de Mars og den antikke Campus Martius) er ein av dei største offtentlege parkane i Aten i Hellas.

Pedion tou Areos

Kart
Pedion tou Areos
37°59′34″N 23°44′11″E / 37.99283611°N 23.73651389°E / 37.99283611; 23.73651389

Namnet viser også til nabolaget rundt.

Park endre

 
Byste av Dimitrios Papanikolis

Parken blei utforma i 1934 for å heidra heltane frå den greske revolusjonen eller sjølvstendekrigen i 1821. 21 slike heltar er avbilda gjennom marmorbyster i parken. Opphavleg planla ein også å byggja eit "Panteon" til ære for opprørarane, og eit stort kristent tempel vigd gresk sjølvstende.

Parken er offentleg eigd og dekkjer eit område på 27,7 hektar. Han ligg rundt 1 km nordaust frå Omonoiaplassen. I dag ligg gatene Mavromateon, Evelpidon, Pringiponisson og Alexandras-avenyen rundt han. Framfor hovudinngangen har det stått ein ryttarstatue av kong Konstantin I sidan 1938.[1] Ved den andre inngangen, nær Alexandras-avenyen, står eit minnesmerke til engelske, australsk og newzealandske soldatr som kjempa i slaget om Hellas under andre verdskrigen. På toppen av minnesmerket står ein statue av gudinna Aten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pedion tou Areos