Pedologi (frå gresk πέδον, pedon, «jord»; og λόγος, logos, «studie») er studiet av jord i naturen.[1] Det er ein av to hovudgreiner innan jordartslære i lag med edafologi. Pedologi omfattar jordsmonnsdanning, jordmorfologi og jordklassifisering, medan edafologi omfattar korleis jord påverkar levande organismar.

Kjelder endre

  1. Ronald Amundsen. «Soil Preservation and the Future of Pedology» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2018. Henta 8. juni 2006.