Opna hovudmenyen

Peer Lorentz Dahl (7. november 191526. januar 2005) var ein norsk/dansk kunstmålar, fødd i Bergen. Han var elev av sin far, kunstmålaren Gabriel Dahl, som i si tid var sentral i kunstnarkrinsar i Bergen, og har elles utdanning frå Kunstakademiet i København under Kræsten Iversen og Elof Risebye i åra 1935–1938.

Peer Lorentz Dahl
Fødd 7. november 1915
Bergen
Død

26. januar 2005

Yrke kunstmålar

Peer Lorentz Dahl debuterte på Haustutstillinga i Oslo i 1935. Han har budd både i Noreg og Danmark, og er representert i fleire norske og danske kunstmuseum, mellom anna Nasjonalgalleriet i Oslo og Statens Museum for Kunst i København, og innkjøpt av fleire offentlege institusjonar i båe landa. I Kampen kyrkjeKampen i Oslo er det både måleri og glasmåleri av Peer Lorentz Dahl, som budde på Kampen frå 1980.

BakgrunnsstoffEndra