Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°54′46.29″N 10°46′54.69″E

Nannestadgata går steilt opp mot Kampen kyrkje

Kampen er eit strok på eit høgdedrag i Bydel Gamle Oslo aust i det sentrale Oslo, mellom Tøyen og Vålerenga. Området vart utstykka frå 1820-åra og etter kvart tettbygd med trehus, då det ikkje var påbod om å byggje i mur når området låg utanfor bygrensa. I 1878 vart Kampen innlemma i byen, og etter at fleire av dei små trehusa hadde brunne ned i 1879, vart det utarbeidd reguleringsplan. Branntomta vart nytta som tomt for Kampen kyrkje, som stod ferdig i 1882, og Nannestadgata vart ei utsynsgate frå kyrkja mot Akershus slott.

Kart over Kampen frå 1900.
Brinken på Kampen.
Trikk på Kampen-linja i oktober 1960, rett før linja vart lagd ned. Trikken går i Hagegata ned mot Kjølberggata. Brinken («steil skrent») er gata opp til høgre.

I 1890-åra vart det reist fleire bustadblokker i mur i fire høgder på Kampen, i 1930-åra kom det opp fleire bustadblokker i upussa teglstein. Nokre av dei gamle trehusa på Brinken vart erstatta med nybygg på 1980-talet. Men framleis er det eit visst preg av trehus-by over Kampen.

På den nordlegaste og mest steile delen av høgdedraget, 77 meter over havet, ligg Kampen park, med vidt utsyn over byen. Området vart kjøpt av kommunen i 1885, og eit vassbasseng for drikkevassforsyning vart bygd her i 1885-1886, teke ut or bruk i byrjinga av 1950-åra. Huset i sveitserstil, populært kalla «Alpehytta», som vart bygd som bustad for oppsynsmannen for vassbassenget, har frå 1992 vore nytta til barnehage. Kampen skole vart bygd i 1888, utvida med nybygg i 1902, omfattande rehabilitert og utbygd i 2003.

Folk på eller frå KampenEndra

KjelderEndra