Pentire Head
50°35′02″N 4°55′08″W / 50.584°N 4.919°W
Pentire Head | |||
nes | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Pentire Head 50°35′13″N 4°55′55″W / 50.587082°N 4.931911°W | |||
Kart over Pentire Head
| |||
Wikimedia Commons: Pentire Head |
Pentire Head er eit nes nord i Cornwall i England. Neset går nordvestover med Pentire Point i nordvest og The Rumps i nordaust. Opphavet til namnet kjem frå det korniske pen (hovud eller head) og tir (land). Headland tyder nes på engelsk.
Pentire Point og Stepper Point står på kvar si side av munningen til River Camel. Sør for Pentire Point ligg den vesle feriestaden Polzeath.
På neset The Rumps stod ei klippefestning frå jernalderen.
South West kyststi følgjer kysten rundt neset og mange turistbåtar seglar ofte rundt neset på veg til Padstow, som ligg i nærleiken. Neset er eigd av National Trust.
Galleri
endre-
Frå Pentire Point mot Polzeath og Trebetherick Point.
-
Polzeath frå Pentire Point.
-
Pentire Point mot Polzeath.
-
Pentire Point og øya Newland.
-
Newland og Pentire Point i solnedgang
-
Newland sett frå Pentire Point.
-
The Rumps med festningsverka frå jernalderen.
-
På andre sida av Port Quin Bay frå austsida av Pentire Head.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pentire Head» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Pentire Point ved Polzeath
- Bilete og informasjon frå Strolling Guides