The Rumps
The Rumps er eit nes på det nordaustlege hjørnet av Pentire Head nord i Cornwall i England.
The Rumps | |||
nes | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
The Rumps 50°35′34″N 4°55′13″W / 50.59279°N 4.92038°W | |||
Kart over The Rumps, Pentire Head og ormådet rundt
| |||
Wikimedia Commons: The Rumps |
Neset består av hard basaltstein og stikk ut i Atlanterhavet. Den vesle øya The Mouls lgig like aust for neset.
Ein kan nå The Rumps langs South West kyststi frå Polzeath eller langs ein offentleg sti frå parkeringsplassen ved Pentire Farm. Heile Pentire Head, med The Rumps, er eigd av National Trust. Turistbåtar seglar ofte rundt The Rumps på veg til Padstow som ligg i nærleiken.
Det står eit åsfort på The Rumps får jernalderen. Det vart gjort arkeologiske studiar av fortet som vart offentleggjort i 1974.
Diktaren Laurence Binyon skreiv For the Fallen i 1914 medan han sat på klippene mellom Pentire Point og The Rumps. Det står ein plakett i stein til minne om dette på neset.
Galleri
endre-
The Rumps med åsfortet
-
'For The Fallen', ein plakett til minne om diktet som vart skrive her med The Rumps i bakgrunnen
-
The Rumps med øya The Mouls.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Rumps» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete og informasjon frå Strolling Guides
- Historic Cornwall om festningsverka på The Rumps