Pepe Ferreira

brasiliansk–portugisisk fotballspelar
(Omdirigert frå Pepe)

Képler Laveran Lima Ferreira, kjend som Pepe (fødd 26. februar 1983 i Maceió i Alagoas), er ein brasiliansk-portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.

Pepe
Personleg informasjon
Fullt namn Képler Laveran Lima Ferreira
Fødd 26. februar 1983 (41 år)
Fødestad Maceió
Høgd 186 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Beşiktaş
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1995-2001 Brasil Corinthians Alagoano
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-04
2004-07
2007-2017
2017-
Portugal Marítimo
Portugal Porto
Spania Real Madrid
Tyrkia Beşiktaş
63 (3)
64 (6)
229 (13)
18 (2)
Landslag
2007- Portugal Portugal 91 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. februar 2018
‡ Landslagsmål oppdatert 10. november 2017

Klubbspel

endre

Han er fødd og oppvaksen i Brasil, men flytta til den portugisiske øya Madeira for å spela fotball for klubben Marítimo som 18-åring. I 2004 gjekk han vidare til toppklubben Porto og var med på å vinna den portugisiske serien med klubben i 2005/06 og 2006/07. 16. juli 2007 skreiv han under på ein femårskontrakt for Real Madrid og var med å vinna den spanske serien med dei i 2007/08, den tredje ligameisterskapen hans på rad. I desember 2009 fekk han eit roke korsband i kneet, og skaden var venta å setja han ut av spel i eit halvt år. I 2011/12- og 2016/17-sesongen vart han igjen seriemeister med Real Madrid, og i 2014, 2016 og 2017 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei.

Landslagsspel

endre

Pepe vart portugisisk statsborgar i august 2007, og 30. august same året vart han kalla inn til ein portugisisk A-landslagstropp for første gong. Han debuterte for Portugal 21. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han spelte alle Portugal sine kampar under fotball-EM i 2008. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 vart han ofte brukt som defensiv midtbanespelar. Deltakinga hans i fotball-VM vart sett i fare av korsbandskaden hans i desember 2009, men han vart frisk i tide og spelte i to av Portugal sine kampar i meisterskapen. I EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen. I 2016 vart han europameister med Portugal.