Per-Arne Berglund

Per-Arne Berglund (20. januar 19276. januar 2002) var ein svensk spjutkastar frå Örebro som vann sølvmedaljen ved EM i friidrett 1950.

Per-Arne Berglund


Statsborgarskap Sverige
Fødd 20. januar 1927
Örebro
Død

6. januar 2002 (74 år)
Örebro

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1950

Berglund deltok i Sommar-OL 1948 i London der han vart tiandemann med eit kast på 62,62 m. Seint i september 1949 slengde han spjutet 73,55 meter, det lengste spjutkastet i verda det året. I 1950 vart han svensk meister for fyrste gong, sidan vann han den svenske meisterskapen i spjut 1951, 1952 og perioden 1955-57.

Under europameisterskapen 1950 i Brussel tok han sølvmedaljen med eit bestekast på 70,06 m, finnen Toivo Hyytiäinen vann tevlinga med sine 71,26 m. Den 26. august 1951 forbetra Berglund den svenske spjutrekorden med ein liten halvmeter til 75,25 meter i Lindesberg, ein rekord som heldt seg i tre år. Med 71,28 m i kvalifiseringa under Sommar-OL 1952 i Helsinki var han ein av favorittane føre finalen. I finalen lukkast han ikkje og enda på tiandeplassen etter å ha stoppa på 67,47 m.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre