Per Knut Aaland
(Omdirigert frå Per Aaland)
Per Knut Aaland (fødd 5. september 1954) frå Randabygda i Stryn i Nordfjord er kjend som elitelangrennsløpar frå 1970-åra og framover. Han var femmilsspesialist og stafettløpar med uvanleg stor kapasitet. Etter karrieren som langrennsløpar, vart han spesialist på skismørjing og var i fleire år nytta av det norske landslaget i langrenn.
Per Knut Aaland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. september 1954 (70 år) Stryn kommune |
Yrke | langrennsløpar |
Høgd | 188 centimeter |
Per Knut Aaland på Commons |
Aaland var med på det norske laget som tok sølv på stafetten under OL 1980 i Lake Placid. Fire år tidlegare, under vinterleikane 1976 i Innsbruck, kom han på sjetteplass på femmila.
Aaland tevla for Hardbagg idrettslag, Øyer Idrettslag og Lillehammer Skiklub.
Bakgrunnsstoff
endre- Jon Tvinnereim: Ski-idrett i Sogn og Fjordane : Sogn og Fjordane skikrins 75 år. Volda 1998. ISBN 82-994804-1-8
- FIS-profil for Per Knut Aaland Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.