Per Egil Ahlsen

norsk fotballspelar

Per Egil Ahlsen (fødd 4. mars 1958 i Fredrikstad)[1] er ein norsk tidlegare fotballspelar. Ahlsen starta som midtbanespelar, men blei seinare flytta til midtstoppar.

Per Egil Ahlsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1958 (66 år)
Fredrikstad
Yrke fotballspelar
Språk norsk
Høgd 180 centimeter

Ahlsen begynte karrieren på seniornivå i Fredrikstad på midten av 1970-tallet. Han blei cupmeister med FFK i 1984, der han skåra eit frispark frå 30 meter.[1]

Ahlsen var med på det norske herrelandslaget i fotball under sommar-OL 1984.[2][3]Han fekk Kniksenprisen i 1992.[1]

Han var også med i serien Mesterens Mester på NRK.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jan Holm. «Per Egil Ahlsen». Store norske leksikon. Henta 2. april 2017. 
  2. «Per Egil Ahlsen» (på engelsk). olympic.org. Henta 2. april 2017. 
  3. «Per Egil Ahlsen» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 2. desember 2016. Henta 2. april 2017.