Per Oskar Kjølaas

norsk prest

Per Oskar Alfred Kjølaas (fødd 25. mai 1948Kirkenes) var biskop i Nord-Hålogaland bispedøme i Den norske kyrkja frå 2002 til 2014.

Per Oskar Kjølaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mai 1948 (76 år)
Kirkenes
Yrke prest, teolog
Verv Biskop i Nord-Hålogaland
Periode 2002-2014
Føregangar Ola Steinholt
Etterfylgjar Olav Øygard
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Per Oskar Kjølaas på Commons

Kjølaas har teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1974. Han har hatt undervisningsstillingar og prestestillingar, fram til han vart utnemnd til biskop av Nord-Hålogaland i 2002.

Han snakkar svært godt samisk, og han har vore ei drivkraft i arbeidet for å få Bibelen omsett til den nye nordsamiske rettskrivinga. Han har skrive boka Bibelen på samisk (Oslo, 1995), og har også omsett m.a. Luthers vesle katekisme til nordsamisk.

Kjølaas var medlem av Gjønnes-utvalet som greidde ut tilhøvet mellom kyrkja og staten i Noreg, og la fram instillinga si 31. januar 2006.


Biskopar i Den norske kyrkja
Preses: Olav Fykse Tveit  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Ragnhild Jepsen | Borg: Kari Mangrud Alvsvåg | Hamar: Ole Kristian Bonden | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Kari Veiteberg | Stavanger: Anne Lise Ådnøy | Sør-Hålogaland: Svein Valle | Tunsberg: Jan Otto Myrseth