Opna hovudmenyen

Stat – kyrkje-utvalet, òg kalla Gjønnes-utvalet etter leiaren Kåre Gjønnes, var eit offentleg utval som sette saman ei utgreiing om tilhøvet mellom kyrkje og stat i Noreg. Føremålet med utvalet var å gje Stortinget eit vidt grunnlag for å avgjere om statskyrkjeordninga skulle vidareførast, reformerast eller avviklast. Utvalet vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon av 14. mars 2003.

Utvalet la fram utgreiinga og innstillinga si i dokumentet NOU: 2006: 2 Staten og Den norske kirke[1] til Kultur- og kyrkjedepartementet tysdag 31. januar 2006.

Utvalet si oppgåveEndra

Utvalet skulle ta utgangspunkt i at den norske kyrkja skulld halde fram med å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje, og vurdere åtte skilde punkt:

  1. Statskyrkjeordninga i heilskap, som ho var utforma og virka i Noreg.
  2. Mogelege eller ønskelege reformer innanfor ramma av det som på rimeleg vis kunne karakteriserast som ei statskyrkje.
  3. Alternativ til statskyrkjeordninga og overgangsordningar under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
  4. Finansiering av kyrkjeleg verksemd, og under det; spørsmål knytt til medlemsavgift, livssynsavgift, skatt og statlege/kommunale løyvingar.
  5. Gravferdsforvaltinga
  6. Ordningar for å halde ved like freda og verneverdige kyrkjer.
  7. Eigedomsretten til kyrkjer og kyrkjegardar, andre aktuelle eigedomar, Opplysningsvesenets fond med meir under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
  8. Kva konsekvensar framlagte endringar i kyrkjeordninga kunne kome til å ha for mellom anna oppsluttinga om Den norske kyrkja, for det andelege livet, kyrkjeleg undervising og diakoni, for kulturen vår og verdigrunnlaget i folket..

Medlemmer i utvaletEndra

  • Leiar: Kåre Gjønnes (fylkesmann)
  • Nestleiar: Marit Tingelstad (pensjonist)
  • Jorund Andersen (lagsskrivar)
  • Per-Otto Gullaksen (domprost)
  • Jens-Petter Johnsen (sokneprest)
  • Helge Kolstad (lærar)
  • Per Oskar Kjølaas (biskop)
  • Hildur Larsen (husmor)
  • Lena Larsen (førstekonsulent)
  • Vibeke Limi (prosjektleiar)
  • Inge Lønning (stortingsrepresentant)
  • Kjell Nordstokke (forstandar)
  • Dag Nygård (generalskrivar)
  • Ingar Samset (spesialrådgjevar)
  • Bente Sandvig (fagsjef)
  • Hege Fjellheim Sarre (kulturkonsulent)
  • Fredrik Sejersted (advokat)
  • Anfin Skaaheim (generalskrivar)
  • Hege Steinsland (kyrkjeverje)
  • Pia Svensgaard (høgskulelektor)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra