Per Rollum
Per Rollum (3. desember 1928–18. mai 2014) var ein norsk alpin skirennar frå Oslo. Han var medlem i Idrettslaget Heming.
Per Rollum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. desember 1928 Oslo |
Død | 18. mai 2014 (85 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1952 |
Rollum var aktiv på nasjonalt nivå i alpin skiidrett i tida 1948-60. I 1952 vart han norsk meister i storslalåm under i NM i alpine greiner i Molde. Året etter vart han norsk dobbeltmeister, han vann då både storslalåm- og slalåmtevlinga då meisterskapen fann stad i Drammen. Rollum deltok i Vinter-OL 1952 i heimbyen, og vart åttandemann i slalåm.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |