Per Spelmann er ei kjend norsk folkevise som fortel om ein spelemann som byter bort den einaste kua han har for å få attende fela si. Songen er utbreidd i barnehagar og skular,[1] og er blitt mykje brukt i norsk folkedans.

Det første verset av «Per Spelmann» blei først skrive ned i 1874 av L.M. Lindemann etter ein bokhandlar og fattigforstandar, Adolph Theodor Holst, frå Drammen. Sonen til denne, Elling Holst, hadde med songen i Norsk Billedbog for Børn i 1888. I 1903 hadde Hulda Garborg med denne melodiversjonen og tre vers i den første viseboka ho gav ut. Viseboka frå 1905 hadde endå eit vers. Endå to vers er kome til seinare, og kan ha oppstått innan folkedansrørsla.[2]

Kjelder endre

  1. «Barnesanger.no - Per Spelmann TEKST/MUSIKK», www.barnesanger.no, henta 4. februar 2021 
  2. Semb, Klara (1985). Norske folkedansar. Oslo: Noregs boklag/Det norske samlaget. s. 200-201. ISBN 8252126219.