Pereslavl-Zalesskij

Pereslavl-Zalesskij (russisk Пересла́вль-Зале́сский – tyder «Pereslavl, som ligg bak skogane»), er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som fødestaden til den russiske mellomalderhelten Aleksandr Nevskij og er ein del av den gylne sirkelen rundt Moskva. Pereslavl-Zalesskij har fleire vakre bygningar og kloster frå mellomalderen og hundreåra etter. Murane som omkransa byen i mellomalderen er synlege fleire stader. Like utanfor byen ligg ein av dei fyrste båtane Peter den store bygde for å lære seg skipsbygging.

Pereslavl-Zalesskij
Переславль-Залесский
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Pereslavl-Zalesskij Byåpenet til Pereslavl-Zalesskij
Flagget til Pereslavl-Zalesskij Byvåpenet til Pereslavl-Zalesskij


Plassering
Pereslavl-Zalesskij is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Grunnlagd 1152
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

42 308
Koordinatar 56°44′17.28″N 38°51′22.15″E / 56.7381333°N 38.8561528°E / 56.7381333; 38.8561528
Høgd over havet 142 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 152020-152040
Retningsnummer (tlf) +7 48535
Nettstad: adm.pereslavl.ru/

Historie endre

Pereslavl-Zalesskij vart grunnlagd i 1152 av Fyrst Jurij Dolgorukij som ein prosjektert hovudstad for Zalesje. I tida 1175–1302 var byen senter for Fyrstedømet Pereslavl (Zalesskij). I 1302 vart byen ein del av Storfyrstedømet Moskva. Pereslavl-Zalesskij vart øydelagd fleire gonger av mongolane frå midten av 1200-talet til tidleg på 1400-talet. 1611–1612 vart byen igjen øydelagd under den polske invasjonen.

Attraksjonar endre

Pereslavl-Zalesskij er kjend for sine historiske bygninger, mellom anna:

  • Spaso-Preobrazjenskij katedralen i kvit stein (1152–1157)
  • Metropolitten Peters kyrkje (1585)
  • Troitse-Danilov klosteret (1500- til 1700-talet)
  • Nikitskijklosteret (1500- til 1800-talet)
  • Feodorovskijklosteret (1500- til 1800-talet)
  • Goritskijklosteret (1600- til 1700-tallt).

Byen husar òg Institutt for Programsystemer, som er underlagt Det russiske vitskapsakademiet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pereslavl-Zalesskij