Peristéri
Peristéri Lokalt namn Περιστέρι | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°01′N 23°41′E / 38.017°N 23.683°E |
Areal | 10,05 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Vest-Aten |
Hovudsete | Peristéri (133 630 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 133 630 (2021[1]) |
Folketettleik | 13 297 /km² |
Peristéri (gresk Περιστέρι), eldre former Peristerio og Peristerion, er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]
Peristéri ligg om lag 5 km nordvest for Aten sentrum. Kommunen ligg ved elva Kifisós, med Khaidári i vest og Petroúpoli i nordvest. Storleiken er om lag 10 km². Peristéri inkluderer den nordlege halvdelen av industriområdet i Aten. Aten bussterminal ligg i aust, og i 2004 opna ein stasjon på Aten metro her.
Peristéri har skular, latinskular, gymnas, bankar, eit postkontor og plateies. Peristéri har eit førstedivisjonslag i fotball kalla Atrómitos. Byen har òg ein stor assyrisk folkesetnad som har emigrert frå Irak og Tyrkia dei siste 30 åra.
Referansar
endre- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Peristeri frå Engelsk Wikipedia .