Perlitt
Perlitt er ein vulkansk glasbergart av ryolittisk samansetnad. Han syner konsentrisk oppsprekking på grunn av samantrekking av glasmassen ved avkjølig. Fenomenet kan vere så markert at bergarten synest å bestå av små kuler med konsentriske lag som lausnar som skal på ein lauk. Ved kunstig oppvarming blir bergarten til eit laust, lett pulver som kan brukast til isolasjonsmateriale.
Kjelder
endre- Perlitt: geologi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/perlitt%2Fgeologi.