Opna hovudmenyen

Persepsjon er eit omgrep innan psykologi og kognitiv vitskap som viser til oppfatting, tolking og organisering av sanseinntrykk. Ei mengd medvitne og umedvitne prosessar er involverte i forvandlinga av sanseinntrykk til meiningsfull informasjon.

EtymologiEndra

Ordet persepsjon kjem av latin perceptiō, som Steinnes og Vandvik (1965) set om med 1 'innhausting', 2 (overført) 'sannkjenning, skjøn', i fleirtal 'omgrep'. Perceptiō er eit verbalsubstantiv danna av verbet percipiō, som tyder 1 'fange, fate; (biletleg) hauste, få', 2 'ta opp, eigne til seg; (overført) gripe, fylle', 3 'gå, anse, leggje merke til', 4 'eigne til seg, lære; pf. kjenne, vite', 5 'skjøne; næme'.

Adjektivet perseptuell blir nytta om det som gjeld persepsjon.

KjelderEndra