Persille

urt i skjermplantefamilien
Persille


Petroselinum crispum - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-103.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Apiales
Familie: Apiaceae
Slekt: Petroselinum
Art: P. crispum
Vitskapleg namn
Petroselinum crispum

Persille (lat. Petroselinum crispum) er ei plante i persilleslekta i skjermplantefamilien. Den er den mest utbreidde krydderurta i verda. Planta blir særleg mykje brukt i mattradisjonar frå Europa og Midt-Austen.

Persille er ei toårig plante som smakar best det første året og blomstrar det andre året. Persille er rik på karoten (som blir omforma til A-vitamin i kroppen), C-vitamin, jern og kalsium.

Blomstrane er gule i motsetnad til den giftige arten hundepersille (Aethusa cynapium) som har kvite blomstrar. Blada er tredobbelt finna og hos dyrka former ofte sterkt krusete ("kruspersille").[1]

Det finst ei rekke kultivarar. Desse blir delt i to grupper.

GrupperEndra

  • Bladpersille (P. crispum Foliosum-Gruppa) - inneheld sortar med både slette og krusete blad. Dei blir derfor kalla kruspersille eller bladpersille avhengig av korleis blada ser ut. Dei blir vanlegvis nytta som krydder eller til dekorasjon. To vanlege kultivarar i handelen er kruspersille (Petroselinum crispum var. crispum) og bladpersille (Petroselinum crispum var. neapolitanum eller Petroselinum neapolitanum).
  • Persillerot (P. crispum Tuberosum-Gruppa) - blir nytta som rotgrønnsak.
 
Parsillerot

Persille i matEndra

I delar av Europa og i Vest-Asia blir mykje mat servert med hakka persille. Den friske smaken går godt med fisk. I Noreg er det vanleg med persillesmør til fisk. I Danmark er den ein av hovudingrediensane i den kjente retten stegt flæsk med persillesovs. På grunn av sitt høge innhald av klorofyll er persille godt eigna til å nøytralisere dårleg ande. Persille blir derfor ofte nytta saman med kvitlauk.

Rettar som inneheld ukokt persille bør ikkje nyttast som restemat då persillen har jordbakteriar på seg. Bakteriane får gode høve for vekst i lunka mat og dannar giftstoff som menneske ikkje kan tole. Desse giftstoffa kan ikkje kokast ut av den gjenoppvarma maten. I tillegg er somme av jordbakteriane sporedannande, såleis at dei heller ikkje kan drepast ved koking i samband med gjenoppvarming. Det er derfor tilrådd å aldri ta vare på restar av retter der den rå persillen ikkje har vore kokt.

HelserisikoEndra

Gravide bør ikkje få i seg store mengder persille. Det er tryggt med normale mengder i mat, men store mengder kan ha uterotoniske effektar.[2]

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Persille
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Petroselinum crispum

ReferansarEndra

  1. Den virtuella floran: Persilja http://linnaeus.nrm.se/flora/di/apia/petro/petrcri.html 2012-03-04.
  2. «Parsley information on Drugs.com».