Pertti Virtaranta
Erkki Pertti Ilmari Virtaranta (20. mai 1918–9. juli 1997) var ein finsk språkvitar.
Pertti Virtaranta | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1918 Karkku | ||
---|---|---|---|
Død | 9. juli 1997 Helsingfors | ||
Nasjonalitet | Finland | ||
Yrke | lingvist | ||
Institusjonar | Helsingfors universitet |
Virtaranta vart filosofie doktor 1950. Han var lektor i finsk ved universitetet i Lund i 1948–1955 , han vart sjefredaktør for Karjalan kielen sanakirja [Karelsk ordbok] i 1955 (del 1 utkom 1968, del 6 2005), og han var 1959–1983 professor i finsk ved Helsingfors universitet.
Virtaranta vart mest kjend som innsamlar av finske dialektar. Han utgav ei mengd dialektbøker, til dømes Hämeen kansa muistelee [Tavastlendingar minnest eldre tider] (1950), Elettiinpä ennenkin [Vi levde no før i tida, òg] (1953), Someron murrekirja [Dialektbok for Somero] (1973) og mange artiklar om ingrisk, lydisk, karelsk, amerikafinsk, skogsfinsk og om finske dialektar i Finland. Den vitskaplege forskinga hans handla fremst om lydhistorie, spesielt i Satakuntadialekterna. Han tok initiativet til å opprette det finske dialektarkivet Suomen kielen nauhoitearkisto i 1959, dette arkivet har vakse til å omfatte 23 000 timar bandopptak ifrå praktisk tala alle finske dialektar.
Virtaranta gjorde òg ein betydeleg innsats for å utvikle finskundervisninga ved utanlandske universitet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pertti Virtaranta» frå Wikipedia på svensk, den 22. august 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Fred Karlsson: Pertti Virtaranta i Uppslagsverket Finland (webbupplaga, 2012). CC-BY-SA 4.0
Bakgrunnsstoff
endre- Biografiskt lexikon för Finland «Virtaranta, Pertti», Svenska litteratursällskapet i Finland, Helsingfors 2008–2011 (sv). URN:NBN:fi:sls-5298-1416928957904.